Bjørnejakta er over

Bjørnejakta i Jostedalen er no over etter at det ikkje er funne spor etter dyret.
Publisert 17.07.2006 14:15.
- Skriv ut
Bøndene vil avvente eventuelle nye funn før dei vil søkje om fellingsløyve på nytt. Men sjølv om dyret ikkje er funne, føler ikkje bøndene seg trygge, seier Arne Bjørk i Jostedalen sankelag.
- Dei fleste er veldig usikre på om bjørnen framleis er her, seier han.
Ingen resultat
Etter at bjørnen hadde drepe 15 sauer i Sogn og Fjordane, flesteparten i Jostedalen, vart det i slutten av juni gitt fellingsløyve på bjørnen som har vore på streif i fylket. Men leitinga etter bjørnen har altså ikkje gitt noko resultat.
Miljøvernforbundet nøgd
Miljøvernforbundet har vore sterke motstandarar mot jakta. Dei klaga fellingsløyvet inn for miljøverndepartementet, men klagen vart avvist. Leiar Kurt Oddekalv er nøgd med at bamsen er i live.
- Eg er veldig nøgd, for vi var redde for at bjørnen var skadeskoten. Vi tykkjer det er godt at bjørnen har sloppe unna jegerane, for vi har altfor få rovdyr i Norge. Vi må ta vare på dei vi har, seier han.
Prøver til analyse
Det er framleis uvisst kva som skjer med siktinga mot mannen som hevda han skaut mot bjørn i Jostedalen i førre veke. Politiet avventar svar frå prøvene dei har sendt inn til analyse.
Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, seier dei skal gjennomføre nye avhøyr i saka, og at det truleg vil ta fleire dagar før dei avgjer kva som skjer vidare.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket