Hopp til innhold

Kan vere bjørn i Jostedalen

Ein bjørn er observert springande vestover i Skjåk mot grensa til Luster.

Bjørnespor i Skjåk

PÅ VEG VESTOVER: Bjørnen har til og med gått gjennom isen på ferda vestover frå Syrtbyttdalen i Skjåk.

Foto: Erling Dagsgard, viltnemnda

Bjørnen vart laurdag sett av elgjegerar og ein journalist i avisa Fjuken. Spora uti Syrtbyttedalen vart følgde av Erling Dagsgard, rovviltkontakt i Lom og Skjåk, og han meiner bjørnen no har gjort vestlending av seg. Det skriv avisa Fjuken.

Rovviltkontakt leitar i Jostedalen

Einar Fortun, rovviltkontakt i Luster, er i dag ute og leitar etter bjørnen øvst i Luster kommune, i Styggedalen og nedover Jostedalen.

Fortun skal mellom anna sjekke om bjørnen berre er vorte skremt av jegerane, og kan ha snudd tilbake til Skjåk, eller om han er på veg nedover Jostedalen.

Kva vil rovviltkontakten gjere viss han finn bjørnen?

Han vil berre registrere spora og måle storleiken på dei, og gjerne sjå kvar bjørnen fèr. Han vil ikkje gjere noko meir enn det, seier viltforvaltar Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

På jakt etter hi

– Vi veit frå før at den nordlege delen av Jostedalen er eit gamalt hiområde, og det er ikkje usannsynleg at bjørnen er på veg for å finne ein plass å legge seg ned for vinteren, opplyser Hermund Mjelstad.

Viss folk sjølv observerer rovdyret, gjeld dei vanlege råda om ikkje å komme for nære eller provosere bjørnen.

– Dette er ei tid då bjørnen skal ha fred før han legg seg til å sove for resten av vinteren, seier viltforvaltaren Mjelstad

Ikkje fare for folk

– Sjansen er liten for at folk kjem til å merke noko som helst til bjørnen viss han er i ferd med å finne seg eit hi langt oppe i Jostedalen, avsluttar Mjelstad.