Hopp til innhold

Brei semje om kraftlinje

Det vert truleg ingen politiske protestar mot den store planlagde kraftlina mellom Sogn og Sunnmøre.

Video Mindre kraftmotstand enn i Hardanger

Linja er no til klagebehandling i Olje- og energidepartementet, og onsdag var ministeren i Førde for å diskutere linja. Der møtte han politikarar i dei berørte kommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

- Eg er her for å bli informert om kva konkrete innspel politikarane har til linjevalet som no ligg føre, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Brei semje om at kraftlinja må på plass

I nabofylket Hordaland har linja mellom Sima og Samnanger hausta kraftig motstand og ulovlege aksjonar. Men då ministeren i dag møtte dei berørte ordførarane i to andre vestlandsfylket, så handla det mest om mindre justeringar av trasevalet for linja mellom Fardal og Ørskog.

Dei aller fleste var mest opptatt av at linja måtte på plass, og det raskt.

- Det var eit konstruktivt møte. Ordførarane sine innspel var konkrete og slik sett kan eg reise heim med meir kunnskap enn då eg kom, seier Riis-Johansen.

Vil unngå «eit nytt Hardanger»

For ministeren som onsdag først og fremst kom for å lytte, var det viktig å unngå eit nytt Hardanger.

- Eg er opptatt av å lære av det vi har gått gjennom i sommar. Så eg håpar vi skal få til ein prosess rundt denne kraftlinjetraseen som er betre enn den prosessen vi har hatt i Hardanger, seier Riis-Johansen.

Og det ser det ut til at han har oppnådd. For ordførarane i kommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som vert direkte råka av den planlagde linja var stort sett mest opptekne av mindre justeringar av trasear.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Riis-Johansen diskutere kraftlinje i Førde

Terje Riis-Johansen møtte i onsdag ordførarar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Men også i desse fylka er det ordførarar som framleis ønskjer sjøkabel på deler av strekninga. Mellom anna gjeld dette Naustdal.

- Vi ventar å bli tatt på alvor. Og også vi har behov for å ha ei utgreiing om alternativet med sjøkabel, sa Naustdal-ordførar Håkon Myrvang til NRK før møtet starta.

- Turistane toler luftspenn

I reiselivskommunen Balestrand stilte ordførar Einar Målsnes seg derimot spørjande til den massive motstanden mot luftspenn som ein mellom anna har sett i Hardanger.

- Vi har levd med turistar i meir enn hundre og, og vi har kraftlinjer som er meir enn 50 år gamle. Mellom anna har vi fire linjer som går inn Fjærlandsfjorden med fire trådar i kvar. Det har aldri tidlegare vore negativt fokus på dette, seier Målsnes.

Han seier han registrer motstanden, men vil sjølv ikkje overdramatisere effekten kraftlinjer gjennom naturlandskap kan ha på turistnæringa.

- Turistane forstår at dette er noko som må til for å få straum til både næringsliv og busetnad, seier Målsnes.

Til liks med mange av ordførarane som tok ordet var oppteken av å kome raskt i gang. For Balestrand kommune vil den planlagde linja kunne utløyse småkraftutbyggingar for fleire hundre millionar som det i dag ikkje er linjenett til.

- Balestrand har potensiale til rein fornybar energi, men for å få det til må vi ha denne linja, seier Målsnes.

Skuffa over politisk motstand

Ein som derimot var skuffa over at motstanden ikkje var større blant politikarane er leiaren i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask.

- Eg synst politikarane i altfor stor grad tek i vare næringsmessige interesser. Eg meiner ålmenne omsyn burde vore meir framme, då tenkjer eg på natur, landskap, miljø og dei helsemessige forholda som er knytt til denne typen infrastruktur, seier Ask til NRK.

Han viser likevel til at det framleis er politikarar også i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som er sterkt kritiske til linja. Mellom anna viser han til politikarane i Førde, Eid, Sykkylven og Ørskog.

- Kva trur du er forklaringa på at motstanden er mindre her enn i Hordaland?

- Det er jo nærliggande å tru at det er næringsinteressene og økonomien som er framtredande, seier Ask.