Hopp til innhold

Muslim sjokkert over soknerådet

– Veldigs støytande. Heilt bak mål.

Tjugum kyrkje

KVEN SKAL LIGGJE HER? Gravplassen ved Tjugum kyrkje, ei av tre kyrkjer i Balestrand.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det seier balestrending og muslim Mohammed Wehbe etter at det vart kjent at sokneråden i kommumen ikkje ønskjer å gravleggje muslimar.

– Desse i soknerådet kan ikkje ha mykje respekt for andre sitt livssyn og religion, seier Wehbe til Sogn Avis.

Regerer på muslim-uttale

Reaksjonane har ikkje uteblitt etter at avisa tysdag slo saka opp på førstesida. I ein høyringsuttale til ny gravferdslov ber Balestrand sokneråd kulturministeren om å sleppe å begrave muslimar på gravplassen i kommunen. Graver vendt mot mekka er både ei praktisk utvikling og lite i tråd med den kristne arva, meiner soknerådet.

Soknerådet i Balestrand ønskjer seg regionale gravplassar for muslimar.

Etter at NRK Sogn og Fjordane og andre medier plukka opp saka, har den skapt reaksjonar over heile landet.

– Eg er også ein del av samfunnet

Mohammed Wehbe frå Libanon har budd i Balestrand sidan 1993.

– Kan hende flyttar eg heim, kan hende bur eg her i Balestrand resten av livet. Uansett vil vel alle liggje gravlagd nær sine kjære, seier han til Sogn Avis.

Han reagerer på at soknerådet i brevet til kulturministeren peikar viser til kulturarva.

– Eg som muslimsk innbyggjar i Balestrand er og ein del av dette samfunnet, seier balestrendingen.

Vil ha nøytrale gravplassar

Kyrkjeverje Jostein Risa i Balestrand kommune skriv i ein e-post til Sogn Avis at gravplassane sjølvsagt er opne for alle. Risa peiker på at fleire sokneråd er skeptiske til forslaget til ny gravferdslov som føreslår å fjerne kyrkja si vigsling av kyrkjegardane.

Organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund meiner på si side at gravplassane bør bli heilt religionsnøytrale.

– Vi er skeptiske til om kyrkja vil og kan ta vare på minoritetane sine særskilde behov, seier ho til avisa.