Hopp til innhold

Tårer, klemmar og song til Ilda

Det var mange og sterke kjensler som kom til syne under avskjeden med Ilda og familien.

Familien Gugna frå Kosovo kom til Førde i mars i 2008. Etter fem år i Danmark flykta dei vidare til Noreg og Førde, men i kveld gjekk turen igjen til eit framand land.

Venninner og kameratar, foreldre, støttespelarar og politikarar møtte opp på for å seie ha det godt til familien Gugna.

I duskregnet samla grinande klassekameratar seg rundt 9 år gamle Ilda Gugna. Det tok ikkje lang tid før ho hadde hendene fulle av gåver, kort og teikningar.

– Eg blir veldig lei meg når eg ser at vennane mine begynner å grine, sa Ilda Gugna.

Video ILDA-240910-til-nettMPEG-4_SF.mp4

VIDEO: Sjå Ildas farvel med Førde.

Frå Førde til Novi Pazar

Familien fekk endeleg avslag på asylsøknaden i august. Dei valde å reise frivillig for å unngå påkjenninga det er å bli kasta ut av politiet. Foreldra har vurdert det som for utrygt å reise tilbake til Kosovo, og har difor valt Serbia og byen Novi Pazar.

Ekspressbussen tek familien til Gardermoen, der dei reiser med fly vidare til Beograd fredag. Frå Beograd skal dei med buss til Novi Pazar.

– Vi veit svært lite om kva som ventar dei i Serbia. Det er marginale forhold og familen står nederst på stigen når det gjeld å få tilfredsstilt behova sine, sa Turi Bruland.

Saman med Johan Bengtson har ho starta gruppa "Barna først" til støtte for Ilda og andre i same situasjon.

Skal starte jentelag i Serbia

Blant dei mange gåvene Ilda fekk, var eit par leggbeskyttarar, fotballsokkar og ein fotball frå fostermora Turi Bruland. Ilda har spelt fotball i Førde og har lyst til å halde fram med det i Serbia.

– Eg veit ikkje om jentene spelar fotball i Serbia, men då kan eg begynne med det. Eg skal vise dei at jenter er betre i fotball enn gutar!, sa Ilda.

– Eg trudde det kom til å kome litt mindre, men plutseleg så kom det så mange.

Du skal få ein dag i morgon

Det var om lag 60 personar som møtte opp for å ta farvel med familien. Då klokka nærma seg halv ni, og bussen etter rutetida skulle reise, samla alle barna seg ved døra og song "Du skal få ein dag i morgon".

– Det er ein song som Ilda er veldig glad i og har brukt mykje, seier Bruland.

Etterpå sa alle barna høgt i kor "Ilda, vi er veldig gla i deg og du vil alltid vere i hjertene våre".

Mange av vennane til dei to eldre søstrene, Atmana (16) og Rabisha (19), hadde møtt opp òg. Før bussen reiste vart det samla inn pengar til støtte for familien.

Situasjonen til familien har blitt ein politisk drakamp, blant anna har Europarådet sin kommisær for menneskerettar kritisert avslaget og sagt at det ikkje er teke tilstrekkeleg omsyn til bornas beste. Alt frå barneombodet til UNICEF har uttalt seg, og samtlege politiske parti har vore på bana.

- Det var stor sorg då ho reiste.

Det var mange hender som vinka etter bussen då den svingte ut av Firda bilag litt over halv ni.

– Jens, kom ut av skapet

Då bussen hadde hadde reist vart det heldt appellar frå Johan Bengtson, Bente Holsen Furnes og Norvall Nøringset.

Bengtson ropte på statsminister Jens Stoltenberg, han vil ha Stoltenberg ut av skapet slik at han kan sjå kva asylpolitikk Noreg held på med.