Hopp til innhold

– Blir meir vanleg med bjørn

Ein må rekne med at det blir meir og meir vanleg å sjå bjørn, også i Sogn og Fjordane.

Bjørn i skogen
Foto: PER LØCHEN / Scanpix

Ingolf Folven

SER EIN KLAR TENDENS: Ingolf Folven er rovviltkontakt for kommunane Stryn, Hornindal, Eid, Selje og Vågsøy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Tendensen er at det blir hyppigare observasjonar av bjørn både i Sogn og Fjordane og andre fylke, seier rovviltkontakt Ingolf Folven.

Han var sjølv på staden med sporhundar etter at eit ektepar frå Trøndelag måndag ettermiddag stod ansikt til ansikt med ein bjørn på Tverrfjellet i Stryn.

Tvilar ikkje på observasjonen

Ekteparet er skråsikre på at det var ein bjørn som stod 25 meter ifrå dei.

– Eg ser ingen grunn til å tvile på observasjonen. Måten hunden markerte på, tyder på at dei kan ha rett, seier Folven.

Han kan ikkje sikkert fastslå at ein bjørn er eller har vore i området, men er ikkje overraska om så er tilfelle.

Rovviltkontakten viser til at det spesielt i Sverige er ein veksande bjørnestamme på over 3000 dyr.

– Då trekkjer streifdyr vestover.

Ved badedammen på Tverrfjellet.

MÅNDAG: Her i dette området såg eit ektepar på fottur ein bjørn.

Foto: Helga Moen

Var eit bjørnefylke

Historisk sett er det heller ikkje unikt at bjørn finn vegen til Vestlandet.

– Går ein 150 år tilbake var Sogn og Fjordane det store bjørnefylket. Men det er ingen teikn på at det igjen er i ferd med å skje. Der er vi ikkje, fastslår Folven.

NRK sitt Fylkesleksikon byr på mange gode bjørnehistorier:

Og dei som fryktar bjørnen kan truleg prise seg lykkelege for det. Ein reknar med at det for 150 år sidan var rundt 4000-5000 bjørnar i Skandinavia. To tredeler, altså rundt 3000, levde i Norge. Bjørnetettheten var størst på Nord-Vestlandet, i Telemark og Agder og på Nordvestlandet.

– Hald deg roleg

Folven oppmodar turgåarar og andre til å ha eit avslappa forhold til bjørn.

– Truleg vert bjørnen skremd lenge før folk. Og kjem ein i nærkontakt, så bør ein halde seg roleg, gjerne rope litt og vifte. Men bjørnen er nok den første som spring vekk, seier rovviltkontakten.

Kjem vestover frå svenskegrensa

I løpet av dei siste årene har det blitt registrert ca 120 bjørner i Norge, ifølgje den statlege nettstaden Miljøstatus i Norge.

Bjørnen held seg i dag i hovudsak i grenseområda mot Sverige, men unge hannbjørnar kan vandre langt og finst også i andre deler av landet.

I dag tilhøyrer bjørnane i Norge to ulike bestandar. I Finnmark er bjørnen ein del av ein norsk/finsk/russisk bestand. I andre deler av landet stammar bjørnen frå ein felles skandinavisk bestand. Denne bestanden er aukande.

Skaut ungbjørn i 2008

Seinast i 2008 vart ein ung hannbjørn skoten på Vetlebreen i Fjærland etter at den hadde gjort skade på husdyr både i Sogn og Sunnfjord. Før dette hadde det ikkje vore skote bjørn i Sogn og Fjordane sidan 1956. Då vart ein bjørn skoten i Leirdalen i Luster.

Artikkelen held fram.

bjørnen er skoten

JUNI 2008: Etter intens jakt vart den unge hanbjørnen skoten i Fjærland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Bjørnen som vart skoten i 1998 er stoppa ut, og er for tida stilt ut på Sogn folkemuseum, De Heibergske samlingar.

I sommar vart det også jakta på bjørn i Lærdal, utan resultat.