Hopp til innhold

Stor nedgang i sau drepne av jerv

Sauesankinga er i full gang, og tal frå Statens Naturoppsyn viser at freda rovvilt, i år har gjort langt mindre skade på husdyra enn i fjor.

Det har vore ein dramatisk reduksjon i talet på sau som er tatt av jerv i år.

Medan Statens Naturoppsyn i 2009 dokumenterte at 53 sauer vart drepne av jerv, er talet i år berre 9.

Både Statens Naturoppsyn, Bondelaget og fylkesmiljøvernsjefen i fylket er samde om at storstila uttaking av jerv no har gitt positive resultat.

Utbetalingane for rovviltskader i fjor var rekordstore her i fylket, på 1,8 millionar kroner.