Her gjekk turen.
Jentene samla før avmarsj: Randi Marie Sjøholt, Tone Jørgensen, Anne Karin Hamre, Sigrid Bøyum og Anita Svedal.
Bratt, vått og herleg. Anne Karin fører an.
Ved 'Bjørka'. Første utsiktspunkt. Eg kjende på meg at no hadde vi klart det.
Eg fekk og vere med på bilde. Sjekk sjølvsikkert glis.
Utsikt mot Laugavatnet. Der har damene lauga seg. Veret var nok bedre då
Utsikt over Sogndalsdalen. Hyggeleg selskap, ikkje fullt så hyggeleg vær.
Topplaget har lukkast med framstøtet mot toppen. Flagget er planta. Enkel seremoni.
Jag kan flyga. Eg er ikkje det miste redd.
Eg synst folk burde ta med seg matrestane sine heim.
Dette er slikt som rører ein nordmanns hjarte.
Utsikt mot Anestølen
Langt der nede køyrer bilane inn i Frudalstunnelen. Og her oppe står eg. Fint.
Sigrid og Anne Karin har lagt ut seremoniteppet og anrettar moltekrem, krumkaker og kaffi.
Då vi kom ned, var det blitt mørkt. Godt å sette seg i ein varm bil med ein lang fjelltur i kroppen.