Her gjekk turen. (Kjelde: Opptur, Selja forlag. Foto: Finn Loftesnes)
Honndalsrokken i kveldssol. Eit skremmande syn for ein som har avtalt tur dit.
Basecamp. Soverommet til venstre, Kjøkken/bibliotek/garderobe til høgre. Litt hulter til bulter.
Inn dalen. A walk in the park. Så lenge det varte...
Bjørn Lødemel viser veg. Opp skora midt på veggen (frå røysa opp til midt i U-en) skal vi. Galskap.
Store-Luka er siste plassen du finn vatn. Greit å vite, med 900 høgdemeter i vente...
Bjørn på toppen av skaret. Legg merke til stien du ser rett til venstre for gifteringen hans. Opp der kom vi.
Røysa bak Rokken. Ei skattekiste av smykkesteinar.
Utsikt mot Ålesund.
Parti frå Sunnmørsalpane, sett frå Rokken.
Siste stykket opp til toppen er ei rå fjell-oppleving.
På tinden. 40 cm til høgre for foten min går det rett utfor. 800 meter stup.
Bjørn tek ein OJ på Rokken.
På nedtur traff vi Johnny Seljeset, min kandidat til Drømmepappa 2010. Glade ungar, grillpølse og pannekake.