Hopp til innhold

To båtar erstattar stengt veg

I morgon tidleg klokka 8 stenger vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

Årdalsvatnet

I morgon startar 11 dagar med skytteltrafikk på Årdalsvatnet.

Foto: Egil Jørgen Lund

- Hydro får største utfordringa når vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal stenger klokka 08.00 i morgon, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Vegvesenet skal utbetre og sikre vegen, og vegen mellom Tangen og Øvre blir truleg stengd i heile 11 dagar - fram til 24. august.

Båtar i skytteltrafikk

– Vi har jobba saman med Vegvesenet i fleire månader for å planlegge stenging, seier ordføraren.

Lægreid fortel at dei har fått på plass to båtar på Årdalsvatnet som skal frakte folk som pendlar mellom Tangen og Øvre, kvar dag mellom 05.20 og til over 23.30.

Omkøyring på 11 mil

Stenging av ein så sentral veg så lenge byr på utfordringar.
– Hovudutfordringar har vore å planlegge transporten for Hydro som har anlegg på begge sider av vegstenginga.


Hydro har brukt den siste tida på å køyre mest mogleg råstoff til Øvre Årdal. Resten vil dei vere nøydt til å køyre om Tyinkrysset og Lærdal i stengingsperioden, ei strekning på 11 mil.

Høyr meir om denne saka i vår sending i morgon frå klokka 06.00.