Hopp til innhold

Krev tiltak i Fortundalen

- Det er uhyre viktig. Det er ikkje noko godt å leve med skrekken kvar gong det blir meld om mykje nedbør.

Jakob Øygard
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Bonde Jakob Øygard vil ikkje lenge leve med frykta for at Fortunelva kan flaume over kvar gong det kjem mykje regn.

- Det er skremmande. Ikkje minst når ein har små ungar.

Barna vart skremde

Dei frykta det verste då store ismengder losna under Harbarsbreen øvst i Fortundalen i Luster i går. Vassføringa i Fortunelva auka dramatisk, og 40-50 hus vart varsla om mogeleg evakuering.

- Det var verst for ungane. Dei vart skremde, og ville vekk frå garden fortast mogeleg, seier Øygard.

Er utrygg når det regnar mykje

Dei frykta marerittet ville gjenta seg. I fjor fekk familien Øygard store skader på eigedomen då ei flaumstor Fortunelv råka gardstunet.

- No må det skje noko. Alt er så utrygt, vi veit ikkje når det blir mykje regn som aukar faren for flaum, seier Øygard.

- Senk botnen

Øygard krev at elvebotnen no blir senka. I tillegg vil han ha hindringar ved elvebreiddane, slik at ho ikkje flaumer over dyrka mark igjen.

- Det er ikkje godt å leve med skrekken kvar gong det regnar mykje. Og særleg viktig er det for å sikre hus og eigedom, slik at vi ikkje opplever nye skader i framtida, seier Øygard.