Hopp til innhold

Avsluttar villmannslivet

Våren vart tung for mannen som skulle leva av naturen i eitt heilt år.

Villmann

Kristoffer Claussen pakkar saman leiren som var hans lune hi i vinter

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Våren kom, og den hadde eg gledd meg til. Men då kjem det som heiter vårknipa med lite mat og fiske i fjorden fekk eg ikkje heilt dreisen på. Sjølv om eg var lei staden her og hadde lyst å treffa vennene mine, tenkte eg at eg måtte avslutta dette eg hadde byrja på. Så tek ein seg saman, går det meste.

Åt hai til jul

Kristoffer Claussen

Kristoffer Claussen sleit med å få fisk på Frønningen

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Kristoffer Claussen skulle leva av det han fann i naturen eitt heilt år. Rett før jul då NRK var på besøk i ti minusgrader, åt han sjølvskoten hjort, og ingenting anna. Den mørkaste perioden av vinteren brukte Claussen mykje av tida til boklesing. På julafta stod pigghå (ein haiart, red anm.) på menyen, saman med ei hjorteribbe.

Les også:

Men kva gjorde han på vårparten når det ikkje var fisk eller anna vilt å få på denne staden sin ved Sognefjorden - som me no kan røpa var Frønningen i Lærdal kommune? Jau, han haika til Solund og Gulen.

- Eg fekk skyss med båt ut fjorden, og har eigentleg vore der sidan i mai. På kysten var det mykje meir liv i fjøra med skjel, tang, tare sniglar og fisk eg kunne eta.

Kronhjortfilming er beste minnet

Kristoffer Claussen

Eplekart er søtt nok for ein villmann

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Ekspedisjonen starta i månadsskiftet juli/august i fjor. No er det siste dagen Clausen må skaffa mat med berre hendene.

- Eplekart smakar litt surt, men eg er jo ikkje akkurat bortskjemd på søtsaker etter eit år i villmarka, seier Claussen medan han gomlar i seg eit grønt kart som har falle ned frå eit epletre.

Utav prosjektet har det alt vorte ein hjortejaktfilm, og ein ny film, samt ei bok er på veg. Clausen sitt beste minne frå året i villmarka kan ein sjå på filmen.

- Eg strevde lenge med å filma meg sjølv skyta ein kronhjort, og når eg fekk det til, vert jo den episoden eit minne for livet.

Skal heim og sjå på damene

Markjordbær

Markjordbær kan ikkje ein villmann gå forbi

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Den siste veka har Clausen tilbrakt på Frønningen for å rydda saman livet sitt det siste året.

- Då er det å pakkka saman leiren og gamma eg har budd i no i vinter.

- Er det vemodig å forlata ditt lune hi det siste året?

- Det er jo litt rart å pakka saman her som eg har brukt så mange timar, dagar, veker og månader. Men det er godt også.

- Kva har du sakna mest dette året? Damer?

- Kvinnekroppen har vel vorte fjernare og fjernare, for det er ikkje så mykje inspirasjon i furuskog og mose. Men når ein kjem heim i varmt vêr med lettkledde damer, så skjer det vel noko, avsluttar villmannen.