Hopp til innhold

Fryktar overflod av oppdrettsanlegg

Dersom alle konsesjonssøknadene om oppdrett i Sognefjorden blir innvilga, kan det bli tre gonger så mykje oppdrettslaks i fjorden, opplyser Direktoratet for naturforvaltning.

Oppdrettsanlegg ved Klavelandet i Flora
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Seniorrådgjevar Heidi Hansen i Direktoratet for naturforvaltning fryktar fleire oppdrettsanlegg i Sognefjorden vil få fatale konsekvensar for både villaksen og sjøøretten.

- Vi er spesielt bekymra for indre del av Sognefjorden, der vi har nasjonal laksefjord, og fleire nasjonale laksevassdrag.

Stengde på grunn av lus

I fjordane rundt Hardanger er alle lakseelvene stenge på grunn av lakselus. Situasjonen i Hordaland er no så alvorleg at oppdrettarane må flytte på seg, då er det naturleg å søke konsesjon i Sognefjorden. Hansen liker dette dårleg:

- Dei søknadene som ligg føre no kan i verste fall gi i overkant av 70 000 tonn biomasse i Sognefjorden. Det er betydeleg meir enn kva som er i Hardangerfjorden i dag. Og det er klart dersom det blir ein så stor utviding i Sognefjorden, fryktar vi det kan bli Hardangertilstander i Sognefjorden og, seier ho.

Dramatisk økonomisk konsekvens

Men alternativet er å stenge ned store delar av produksjonen. Havbrukskoordinator Paul Nergård i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening trur oppdrettarane vil tape store summar dersom dei ikkje får etablere seg i Sognefjorden.

- Ja, sjølvsagt går det utover inntektene i dramatisk forstand.

Ber departementa gipe inn

Både fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Direktoratet for naturforvaltning har no sendt eit brev til regjeringa i håp om at fiskeriministeren skal sette foten ned. For dei fryktar at fylkeskommunen kjem til å seie ja til fleire oppdrettsanlegg i Sognefjorden.

- Derfor ber vi Miljøverndepartementet ta saka opp med Fiskeri- og kystdepartementet, seier Hansen.