Hopp til innhold

Har gjort Sp upopulære i regjering

- Senterpartiet provoserer i regjeringa, og Liv Signe Navarsete sitt temperament har vore eit problem for regjeringa, meiner VG-redaktør.

Video Liv Signe Navarsete om kommuneøkonomi

Liv Signe Navarsete og Senterpartiet har erta på seg regjeringskollegaene i SV og Arbeidarpartiet.

Foto: Nyhetsspiller

Debattredaktør Elisabeth Skarsbø Moen fortel i torsdagens VG om forakt for Senterpartiet mellom regjeringskameratane.

Skarsbø Moen nemner spesielt to episodar den siste tida som skal ha irritert både Arbeidarpartiet og SV. Det første er partileiar Liv Signe Navarsete som på fisketur i Lofoten, med VG på slep, lova at det var uaktuelt med oljeboring der.

Tek saker frå SV

Eit anna tilfelle er partiet sin parlamentariske leiar, Trygve Slagsvold Vedum, som gjekk hardt ut mot statsministeren og hevda at Norge deltek i Afghanistan-krigen hovudsakleg på grunn av medlemsskapet i NATO. Dette er ikkje heilt korrekt.

- Ein ting er at statsministeren ikkje tykkjer om å bli skjelt ut av ein regjeringskollega, men ein annan ting er at SV som på ein måte har eigarskap i desse to sakene. Senterpartiet har teke i frå dei sakene, seier Skarsbø Moen.

Ikkje like engasjert

Avisa har sentrale regjeringskjelder som fortel at både Arbeidarpartiet og SV er svært provoserte over at regjeringskollegaen frontar saker offentleg, men ikkje engasjerer seg like sterkt når sakene blir drøfta internt i regjeringa.

- Dei tek berre ordet når det er snakk om deira kjernesaker. Samferdsle, støtte til distrikta og landbruket. Punktum. Det er eit klassisk særinteresseparti i alt dei føretek seg, seier kjelda til avisa.

- Høyrer ikkje eit pip

- Resten høyrer ikkje eit pip internt i regjeringa, men får lese det i avisa. Det er nok med på å skape endå meir frustrasjon, seier Skarsbø Moen og legg til:

HØYR: Elisabeth Skarsbø Moen meiner Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen bør ta seg ein prat med senterpartileiar Liv Signe Navarsete.

- Det kan vere at Senterpartiet ynskjer å utvide veljargrunnlaget sitt og framstå som radikal kraft. Det gjorde dei til dømes etter EU-striden og hadde stor suksess med det, seier Skarsbø Moen.

Ikkje bra klima

SV har i vår opplevd kraftig motgang og tapt fleire hjartesaker. Mellom anna «månelandinga» på Mongstad og kraftlinja i Hardanger.

- Dei har markert seg på veldig få saker. Når dei i tillegg opplever at Senterpartiet tek dei få sakene dei har att, då blir sjølvsagt ikkje klimaet mellom dei to det beste, seier ho.

Ertar på seg kollegaer

Navarsete sitt temperament skal også ha ført til problem med regjeringskameratane. Dette skal det i følgje Skarsbø Moen ha blitt teke tak i.

- Alt dette tilsaman har gjort at Senterpartiet har erta på seg resten av statsrådane og det er ein irritasjon og blitt ein delvis senterpartiforakt mellom Ap og SV sine statsrådar, seier ho og oppmodar Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen til å ta seg ein prat med Navarsete.