Hopp til innhold

Brukte spelar ulovleg - taper poeng

Tornado Måløy mister tre poeng, etter at dei gjennom heile vårsesongen har brukt Børge Yndestad - utan at han var klar for klubben.

Børge Yndestad får gult kort

GULT KORT: Det var det gule kortet i kampen mot Sogndal 2 som gjorde at fotballkrinsen oppdaga glippen til Tornado Måløy rundt overgangen til Børge Yndestad (t.h.).

Foto: Stig Høynes

- Børge Yndestad fekk gult kort før ferien, og då administrasjonen skulle registrere dette oppdaga dei at han framleis står i Skavøypoll, forklarer Robert Endestad i fotballkrinsen.

Forspranget på tabellen nesten halvert

Han reknar med at det heile skuldast ein glipp i Tornado Måløy. Likevel vankar det ei bot på 10.000 kroner.

Dessutan mister klubben tre poeng. Og det er ikkje kven som helst som vert straffa: Tornado Måløy leia 3. divisjon med sju poeng ned til Årdal då laga tok fotballferie.

No er avstanden nesten halvert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Robert Endestad

PASSELEG STRAFF: - Vi har samanlikna denne saka med liknande saker i andre krinsar, seier Robert Endestad i fotballkrinsen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Overgangen ikkje formelt i orden

Børge Yndestad spelte for Tornado Måløy også i 2009-sesongen. Då var han på utlån frå Skavøypoll.

Men klubben har ikkje sendt overgangsskjema framfor årets sesong, og dermed er han ikkje klar for spel for nordfjordingane.

- Er straffa i strengaste laget?

- Det er klart ein kan diskutere det, men vi har samanlikna straffa med liknande saker i andre krinsar og meiner den svir sånn passeleg, seier Endestad.

Ifølgje Sogn og Fjordane fotballkrets har Tornado Måløy godteke straffa.