Hopp til innhold

Fiskeveterinærar mister oppdrag

Fiskehelseveterinærar mista oppdrag etter varsling

Tilsett i fiskeoppdrett
Foto: NRK

Akvaveterinærer har mista oppdrag når dei har rapportert om sjukdom i oppdrettsanlegg.

Det var i 2008 og 2009 at fiskehelseveterinærar rapporterte om sjukdom eller mistanke om sjukdom i oppdrettsanlegg, og som i etterkant mista oppdrag.

- Skal ikkje skje

Leiar i Akvaveterinærenes forening Karianne Jakobsen, seier at slikt skal ikkje skje. Ho vedgår at foreininga har ein jobb å gjere, både overfor medlemmane og kundane deira.

Akvaveterinærar NRK har vore i kontakt med seier problematikken er kjent. Og det er særleg veterinærar med få kundar som kan kjenne på presset frå kundar.

Vart teke opp på årsmøtet

Då Akvaveterinærenes foreining høyrde om tilfella, sette dei ned eit notat og tok deretter temaet opp på årsmøtet.

Diskusjonen der viste at problemet ikkje var særleg utbredt. Det er det same inntrykket fiskeoppdrettar Ola Braanaas i Gulen sitt med.

- Er fisken sjuk så skal den ha behandling, seier han.

Akvaveterinærens foreining jobbar no med ei presisering av regelverket, som tar føre seg kven som har meldeplikt og når ein må melde frå.

Tanken er at dette skrivet kan vere oppklarande når kontraktane blir inngått, fordi det blir formulert på ein enklare måte enn i forskriftene.