Hopp til innhold

Låge lakselustal på Vestlandet

Det er lite lakselus på Vestlandet, det viser ferske tal.

Lakselus

Ferske tal viser at det er lite lakselus på Vestlandet.

Foto: Norges Jeger og Fiskerforbund

Det er nettavisa Intrafish som i dag presenterer dei positive tala for Vestlandet.

I Ytre Sogn og Sunnfjord har lusetala vore stabile på same låge nivå sidan slutten av april, sjølv om det var ein liten oppgang i veke 26, skriv nettavisa.

I veke 26 viste målingane nærast ingen kjønnsmodne lus, og berre 0,25 rørlege lus per fisk i snitt.