Hopp til innhold

Går mot cruiserekord i Flåm

I løpet av sesongen kjem det til å kome opp mot 140 000 cruiseturistar til Aurland og Flåm.

Flåm med to cruiseskip

Nær 140 000 cruiseturistar tek vil i år besøke Aurland. Her er to skip i Flåm. Biletet er frå i fjor.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Hamnesjef Jon Erik Johnsen i Aurland er svært godt nøgd med sesongen sålangt.

Stadig større skip

- Det har vore ein god sesong, så dette kjem til å bli bra, seier Johnsen som fortel dei har slutta å telje skip.

- Skipa vert stadig større, så det er meir riktig å konsentere seg om å telje passasjerar i staden.

Nesten like bra som fjoråret

Johnsen seier fjoråret var ein kjemperekordsesong der dei hadde 172 000 cruisepassasjerar på besøk. Han meiner året i år vert nesten like bra.

- Slik det ser ut kan vi nærme oss eit tal mellom 135 og 140 000 cruisepassasjerar. Dette er veldig bra med tanke på at vi tidlegare år har hatt mellom 115 og 120 tusen besøkande, seier ein nøgd hamnesjef.