Hopp til innhold

Så stor er sjansen for kvartfinale

Opp gjennom historia har Sogndal vore 17 gongar i fjerde runde i NM. Onsdag har klubben ein gylden sjanse til å gå vidare til sin sjuande kvartfinale.

Video Sogndal - LøvHam i NM

Med siger vil sogningane vere klare for kvartfinale for første gong sidan 2001 - då det vart 2-0-tap borte mot Odd i Skien.

Første gongen Sogndal spelte ein kamp i fjerde runde i NM var så langt tilbake som i 1976. Dei fleste fotballinteresserte hugsar vel korleis cupeventyret gjekk...

Sidan då har Sogndal vore i fjerde runde heile 17 gongar.

Slik har det gått opp gjennom åra:

Sogndal har vore i kvartfinalen i NM seks gongar sidan 1976. Sist det skjedde var i 2001.

Den gongen enda det med tap borte mot Odd.

I år ventar LøvHam i fjerde runde - og Sogndal må finne seg i år vere favorittar før oppgjeret på Fosshaugane.

Her kan du følgje cuprunden:

PS: Sogndal har berre éin gong tidlegare vore i semifinale i NM. Det var i 1976 - og då enda cupeventyret på Ullevaal, med det historiske finaletapet mot Brann.

Espen Olsen

TIL KVARTEN? Kan Espen Olsen skyte Sogndal til ein ny kvartfinale i cupen? Han har sjansen mot LøvHam på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum / NRK