Hopp til innhold

Brannbilane manglar lange stigar

Brannbilane i Førde kommune har ikkje stigar som når høgare enn til tredje etasje. – I verste fall kan dette føre til katastrofe, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

Brannbilar ved Førde Torg

Brannvesenet har ikkje stigar som rekk lenger enn tredje etasje. På dette biletet var det utrykking til Førde Torg.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Kommunen vil ikkje gjere noko med saka før 2014.

– Får vi ein brann i eit av høgbygga vår, så slit vi, seier brannsjef Øberg.

– Nærast satt på bakken

Ein ny rapport viser at brannvesenet i den største byen i Sogn og Fjordane manglar livsviktig utstyr. Stigane på brannbilane er nemleg ikkje lengre enn at dei når opp til 3. etasje.

Brannsjef i Førde Bernhard Øberg meiner ein ikkje har tatt omsyn til brannfare i iveren etter å bygge opp Førde som by, og seier at i verste fall kan liv gå tapt.

– Vi blir nærast sett på bakken når brannen går oppover i høgda på bygningar på fire-seks etasjar.

Pliktar å ha sikkert brannvesen

Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap er staten sin pådrivar for å forebygge ulukker. Avdelingsleiar, Hans Christian Madsen, seier kommunen pliktar å oppretthalde eit sikkert brannvesen.

– Det ansvaret til kommunen å planlegge både kvar risikoen er lokalt og korleis møte denne.

– Skulen kunne vore redda

Brannsjef Bernhard Øberg trur at til dømes Gamleskulen i Førde som brann ned i 2003, kunne ha blitt redda dersom dei hadde hatt ein høgare stige. Øberg meiner brannvesenet i kommunen til ein viss grad fungerer optimalt.

– Vi er iallefall veldig gode opptil tredje etasje.

Ordførar Nils Gjerland har ikkje hatt høve til å uttale seg i denne saka.