Hopp til innhold

Her kjem «dronninga» til Olden

I morgontimane torsdag la Queen Mary II til kai i Olden. For fem år sidan var skipet det største cruiseskipet i verda.

For både reporter Birger Meland og cruisekaigründer Aslak Lefdal var det både eit majestetisk og imponerande syn å sjå dronninga gli inn Nordfjorden til kai i Olden.

- Det er slik at eg får klump i halsen. Eg tenkjer tilbake til då eg sto i Las Palmas og denne båten kom til kai. Då var det det største skipet i verda. Og no får eg sjå den komme til kai i Olden. Eg blir heilt rørt, seier Lefdal.

(Artikkelen held fram under mobilvideoen)

Video Queen Mary videoMPEG-4_SF.mp4

SJÅ: Queen Mary II gli inn Nordfjorden. - Ein majestetisk gjest. Velkomen, skriv fotograf Magne Gunnar Holen.

Styrbord til kai

Med sine 345 meter er Queen Mary II nær tre gonger større enn kaien på 121 meter. Cruiseskipet kan ta godt 3 000 passasjerer, men har «berre» 2 500 innover Nordfjorden.

Båten er så lang at den ikkje kan baute inne på bukta, og gjekk styrbord til kai.

- Den største båten vi har hatt til no er på 116 000 tonn. Denne er på 145 000 tonn. Det er det største skipet som nokongong har vitja Olden. For fem år sidan var det største cruiseskip i verda, seier Lefdal.