Hopp til innhold

Russejente smitta av meningokokk

Ei jente frå Sogn og Fjordane har fått påvist meningokokk-smitte.

Russejenta som er elev ved Sogndal vidaregåande skule, vart innlagt på Førde sentralsjukehus natt til søndag.

Kan føre til hjernebetennelse

I dag kom prøvesvara som var positive.

– Det viser seg at det er ein sannsynleg vekst av meningokokk-bakteriar i prøven frå blodet. Det er for tidleg å seie noko om kvar undertype det er. Generelt er det slik at meningokokk anten gir blodforgiftning, hjernehinnebetennelse eller ein blanding, seier overlege i mikrobiologi ved Førde sentralsjukehus, Reidar Hjetland.

Tilstanden til jenta vert rekna som alvorleg, men stabil.

– Kontakt lege viss du får symptom

Rektor Martha Sofie Vange fortel at det er iverksett tiltak i den næraste familien, og at elevane skal fylgje med om dei utviklar særskilde symptom.

– Vi har gått ut med informasjon om at viss elevar får feber, utslett eller føler seg uvel, så skal dei kontakte lege eller helsesyster.

- Er det aktuelt å halde russen vekke frå skulen?

- Nei, det er ikkje aktuelt no. Vi følgjer dei råda vi får frå kommunelegen.

Meningokokksmitte har råka fleire russ dei siste vekene, særleg i Oslo-området der russen har blitt oppmoda om å vere forsiktige.