Hopp til innhold

Lastebilhengar tok fyr

Hengaren til ein svenskregistret lastebil stod i full fyr mellom Årdal og Tyin søndag ettermiddag.

Sjåføren i lastebilen kom seg uskadd ut. Hengaren er fyllt av vegetabilsk olje og er no kopla frå førarhuset. Brannen er sløkt.

Vaktleiar Dagny Røyrvik ved Alarmsentralen seier at brannen truleg skuldast bremsar som har gått seg varme.

Politi og brannmannskap er på staden og skumleggjer vegen.

– Det har runne matolje ut, men vi veit ikkje kor mykje. Det er ikkje farleg, men det blir nok glatt.

Alarmsentralen fekk melding om brannen like etter klokka 16.