Hopp til innhold

Kuppar 1.mai feiringa

Lokalsjukehus vert hovudfokus 1.mai fleire stader i landet.

Lærdal sjukehus

Sjukehuskamp har vore eit av dei mest brennbare politiske temaa denne våren. Og 1.mai er det fleire som har tenkt å markere sitt engasjement for saka.

Foto: unknown / NRK

Kampen for å oppretthalde lokalsjukehusa blir viktige innslag i 1. maiparolane fleire stader i landet.

Tek fokuset heile dagen

Sjukehuskamp har vore eit av dei mest brennbare politiske temaa denne våren. Og 1.mai er det fleire som har tenkt å markere sitt engasjement for saka.

Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge har parolen klar.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

I Lærdal blir framtida for lokalsjukehuset hovudparole på arbeideranes store kampdag.

Ikkje ta lokalsjukehusa våre står det på plakaten til aksjonistane.

Vart invitert med

- Vi fekk ein invitasjon frå 1.mai komiteen om vi ville vere med. Det er ein veldig god ide. Dette er den viktigaste kampen for oss, seier sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge.

Ho er klar til å gå i tog 1. mai og kjempe for sjukehuset sitt som står i fare for å bli lagt ned og omgjort til lokalmedisinsk senter.

- Rett fokus på 1.mai

Og i 1 mai komiteen er ikkje leiar Knut O Aarethun eit øyblikk i tvil om at det er rett å sjukehusaksjonistane til markering på det som tradisjonelt har vore sett på som ein kampdag for likelønn og rettar i arbeidslivet.

- Det skulle berre mangle. 1.mai er ein demonstrasjonsdag der vi skal ta opp aktuelle saker. Og det er vertfall kampen for lokalsjukehusa.

Sak fleire stader i landet

Ei av dei store nasjonale politiske stridssakene denne våren har vore sjukehuskamp.

I Kristiansund kjempar dei for behalde sitt sjukehus i Sogn og Fjordane er lokalsjukehus i Eid og Lærdal truga av nedlegging. Og kampen for sjukehusa viser igjen i 1. mai parolane fleire stader i landet

Hydro Årdal

1. mai komiteen i arbeiderpartibastionen Årdal meiner nærleik til sjukehus er viktig mellom anna på grunn av industrien i området.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

-Vi har ein parole som går på vern av lokalsjukehuset. Vi har tungindustri her, og det er fare for uhell og ulukker. Vi vil ha eit sjukehus i nærleikne for å vere trygge, seier Jan Bent Høyum som er leiar 1. mai komiteen i arbeiderpartibastionen Årdal.

- På sin plass

Heller ikkje i Eid fryktar ap-politikar Kjell Haugland at parolar om sjukehuskamp skal skugge for det opprinnelege innhaldet for 1. mai

Nordfjord Sjukehus

Nordfjord Sjukehus vert tema i Eid 1.mai

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Dette er på sin plass, seier Haugland.

Spørsmålet er om Arbeiderpartiet sentralt vil ta til seg singal frå grasrota.

Vil ikkje love noko

I Helse- og omsorgskomiteen merkar andre nesteleiar Tore Hagebakken seg engasjementet, men vil likvel ikkje utstede noko 100 prosents garanti for at arbeiderpartiet ikkje vil opne for endringar i innhaldet ved lokalsjukehusa.

- Vi er veldig tydeleg i Soria Moria og vi har understreka det fleire gonger. Lokalsjukehusa skal bestå. Men vi må sjå på innhaldet, seier han.