Hopp til innhold

Det totale kaoset på vegane

Fortvila bilførarar står fast fleire stader i fylket.

Vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane
Foto: Simon Solheim / NRK

Snøvêret som har kome over fleire stader i fylket har ført til vanskelege

Vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane
Foto: Simon Solheim / NRK
Vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane
Foto: Simon Solheim / NRK
Vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane
Foto: Simon Solheim / NRK
Vanskelege køyreforhold i Sog og Fjordane
Foto: Simon Solheim / NRK

situasjonar for folk som har vore ute med bil med sommardekk i dag.

Komplett kaos

E39 i Halbrenslia sør for Førde var det eit komplett kaos fredag ettermiddag. Det skal framleis vere svært glatt på vegen. Fleire klarte i ettermiddag ikkje å ta seg fram med sommardekka sine på bilane.

Ein som køyrde opp åtvarar folk om nettopp det.

- Det var det komplette kaoset på vegen. Eg har aldri sett noko så gale, seier tipsaren til NRK etter å ha køyrt opp lia.

Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll er også råka av snøvêret, og Molvær seier folk som ikkje absolutt må ut på vegen bør halde seg heime.

- Det er ikkje bra å køyre med sommardekk no.

Vegen vart stengt i halv åtte-tida fredag på grunn av bilberging i området.

Problem, problem, problem

fylkesveg 614 Magnhildskaret mellom Grov og Svelgen er det store problem. Der står bilane på kryss og tvers, og fleire har problem.

- Der har det vore kaotisk lenge i dag, men no må det vere brøyta for no har vi ikkje høyrt nok på lenge, seier Ketil Molvær hjå Statens vegvesen.

Også på Fylkesveg 57 mellom Leirvik og Flekke er det kome ein del snø. Det skal vere brøytemannskap vere på veg.

- Der kan det vere glatt og vanskelege forhold, seier Molvær.

Fleire meldingar frå fylket

Det skal ha stått bilar på kryss og tvers i vegen med store problem med å kome seg opp eller ned på europavegen.

Molvær hjå vegvesenet seier dei har fått fleire meldingar om glatt føre i dag.

Skal vere ok på fjellovergangane

- Det skal stort sett vere bart over fjellovergangane i dag, men det kan vere fare for glatte parti, seier han.

Molvær oppmodar folk om å køyre svært forsiktig på vegen om sommardekka er komne på bilen.

- Det er ei skummel årstid dette. Det skiftar fort, og det er vanskeleg å vite nøyaktig korleis vegbana er. Men vegtrafikklova er krystallklar. Bilføraren har sjølv ansvaret for å sko seg forsvarleg.