Sjeldan har Shakespeare-figuren Hamlet sine berømte ord passa betre for å karakterisere lokalfotballen i Sogn og Fjordane. Årets sesong ser nemleg ut til å bli både dramatisk og spennande:
For etter at fotballtinget gjekk inn for å leggje om 3. divisjon, får berre seks lag vere med vidare i den nye avdelinga som blir sparka i gang neste år. Resten må belage seg på eit tilvere i divisjonen under.
Det betyr at veldig mange lag denne sesongen må slåst for livet, dersom dei ikkje skal rykkje ned - og serien ser på toppen av det heile ut til å bli jamnare enn på lenge. Det er med andre ord grunn til å sjå fram til mykje dramatikk utover sesongen.
Sånn sett er det positivt at Førde i fjor rykte opp etter sju samanhengande år i lokalfotballen:
I staden for at sunnfjordingane kunne ha blitt ein propp i systemet, opnar det nye moglegheiter for dei laga som er igjen i divisjonen.
Mykje tyder på at Tornado Måløy og Årdal må gjere opp om avdelingssigeren - og så vil det vise seg om det er godt nok til opprykk.
Og: Eg trur Tornado Måløy trekkjer det lengste strået i år. Mannskapet til Geir Ove Refvik har fått modne seg gjennom fleire år, og den målretta trenaren har stått for kontinuitet og bygd laget stein for stein.
Tornado Måløy står fram som solid, med ein sterk sisteskanse i Magnus Thór Magnusson og eit solid forsvar med Børge Yndestad og Birger Silden i spissen. På midtbana utgjer Gisle Myhre og Eirik Rutledal motoren i laget - og det bør komme flust med scoringar frå John Martin Gil, Sveinung Frantzen og nytilskotet Endre Kupen. Klubben har dessutan ein joker i skadeutsette Erlend Nygård Kvalheim, som kan nyttast i alle lagdelar.
Men nordfjordingane får garantert tøff kamp frå Årdal, som også verkar å vere godt forspente med spelarar. Namn som Ørjan Stedje Ylvisåker, Preben Strypet, Johann Traustasson og Morten Brandsdal borgar for kvalitet, og gjer at laget blir å rekne med også denne sesongen.
Det er likevel grunn til å stille spørsmålsteikn ved keepersituasjonen i Årdal. For etter at Vegard Skjeldestad reiste til Førde og spel i 2. divisjon, har trenar Nils Tore Krosshaug henta inn igjen Geir Nordnes og Jens Herstad - begge rundt 40 - for å avlaste 18 år gamle Stian Karlsen. Spørsmålet er om det er godt nok til hengje med heilt i toppen.
Eg trur dei to topplaga vil skilje seg litt ut. I sjiktet bak er det litt meir ope, og ein spennande outsider er Eid - som kan bli det store overraskingslaget denne sesongen.
Laget frå Nordfjord har endeleg fått heiltidstilsett trenar, og har varta opp med svært sterke resultat i treningskampane i vinter: 9 av 11 kampar har enda med Eid-siger - og i kvaliken til cupen fekk seriefavoritten Tornado Måløy unngjelde med 4-3.
Rett nok på kunstgras, men likevel.
Mykje tyder også på at Christoffer Hafsås går ein ny god sesong i møte. Spissen har bøtta inn 21 mål i treningskampane, og held han fram slik i serien kan det bli mykje moro på Nordfjordeid.
Eg trur likevel eidarane er avhengige av ein god start for å komme i flytsona, og Eid er å rekne som ein av fleire kandidatar til tredjeplassen bak Tornado Måløy og Årdal.
Ein annan outsider er Stryn, som alltid er å rekne med i øvre sjikt. Ed Nordang er ein ringrev som no er tilbake med hovudansvaret, og det er spennande å sjå kva han kan få ut av Stryn. Det er ingen tvil om at det er mykje fotball i laget, og Nordang har med seg Jon-Terje Tjellaug og Johann Sigurdsson i trenarteamet.
Bak desse kan det fort bli reine rotteracet om kven som tek ein plass blant dei seks som overlever i divisjonen.
Som vanleg er det nesten umogleg å spå kva Sogndal 2 kan prestere. I fjor hadde A-laget ein svært god og brei stall, noko som gjorde at andrelaget titt og ofte var proppfullt av spelarar på 1. divisjonsnivå. Etter alt å dømme blir ikkje Sogndal 2 like gode i år - rett og slett fordi stallen er slanka vesentleg.
Vik verkar dessutan sterkare enn for eit år sidan, då dei med eit naudskrik berga plassen i divisjonen. Nyopprykka Dale kan også bli å rekne med opp mot midten av tabellen, men dei er avhengige av ein god start på sesongen. Samstundes er Jølster svekka i forhold til fjoråret. Det er også Fjøra - men her styrer Torbjørn Ylvisåker midtforsvaret, og Arild Underdal vil alltid putte mange mål.
Sandane er tilbake i det gode selskap, og som nyopprykka kan dei fort få det tøft. Mykje er opp til brørne Ruben og Mads Wie, som saman kan stelle i stand trøbbel for dei fleste forsvar.
I utgangspunktet verkar Høyang og Florø å vere dei svakaste laga i årets 3. divisjon. Høyang har opplevd reine spelarflukten, og blant dei mange spelarane som har lagt opp er profilar som Edin Agovic og Stian Rørvik. Det medfører mykje ansvar for Morten Kåre Øen Eriksen og brørne Robin og Thomas Frichsen, og det ser tynt ut bakover.
Det ser også tynt ut i Florø, der viktige spelarar som Sigurd Hjorthol, John-Felipe Holmgren og Christer Husa er borte frå fjoråret. Klubben dei siste åra har fostra ei rekkje unge og spennande talent. Dessverre for FSK reiser mange frå kystbyen så snart dei er ferdige på vidaregåande, og det held ikkje å spele med gutelag i 3. divisjon - det har Florø vist for heile verda før.
Kampen om å overleve i divisjon blir uansett knallhard. Beintøft og dramatisk for dei som er involverte - spennande og engasjerande for oss som følgjer med.