Ungdomsorganisasjonen Juvente har testa 13 butikkar i Sogn og Fjordane om dei sel alkohol. Resultatet er at fire av dei gjer det.
Skuffa
– Eg tykkjer det er skuffande at sopass mange butikkar framleis sel alkohol til mindreårige. Vi har testa dei tre år på rad, men dei har framleis ikkje klart å skjerpe seg. Det seier forbundsleiar i Juvente, Adrian Farner Rogne.
LES OGSÅ:
Ungdomsorganisasjonen har undersøkt 200 butikkar i heile landet, og resultatet er at 43% av butikkane bryt alkohollova.
Testane er utført av ungdommar mellom 14 og 16 år ved at dei har gått inn i butikken og handla øl eller rusbrus. Juvente legg vekt på at dei på ingen måte har kledd ut, eller sminka ungdommane i testen for at dei skal verke eldre.
Må ta ansvar
Forbundsleiaren krev at kommunane saman med Helse- og omsorgsdepartementet må ta ei reell opprydding. Det er kommunane sitt ansvar å kontrollere at daglegvarebutikkane ikkje sel alkohol til mindreårige, men desse kontrollane får svært sjeldan konsekvensar i den grad lovbrot vert avdekka. Difor blir også butikkane slepphendte.
Juvente krev at kommunane må ha fleire kontrollar i året, og inndra bevillinga til butikkane i tre veker for dei som bryt lova.
Ungdomsfyll
Sal av alkohol til mindreårige kan få alvorlege konsekvensar.
– For å bekjempe morgondagens alkoholproblem, lyt ein ta tak i sal av alkohol til mindreårige, seir Farner Rogne.