Hopp til innhold

Vaska føtene i kyrkja

Skjærtorsdag var det ei spesiell nattverd i Joranger kyrkje i Luster. For sokneprest Vegard Lie tok med seg det som skjedde i forkant av den aller første nattverden, nemleg fotvaskinga.

Fotvask i Joranger kyrkje

Diakon Orsolya Szechey og sokneprest Vegard Lie vaska føtene til dei som ville det.

Foto: Olav Rygg

Soknepresten i Hafslo hadde aldri gjort dette før, og han var spent på reaksjonane. Han og diakon Orsolya Szechey sat i midtgangen med kvart sitt vaskefat.

- Det gjekk veldig greitt, men det var litt lite folk i kyrka i går kveld, fortel soknepresten.

Skeptiske

Fotvask i Joranger kyrkje

Diakon Orsolya Szechey og sokneprest Vegard Lie vaska føtene til kvarandre.

Foto: Olav Rygg
Fotvask i Joranger kyrkje

Nokre få kyrkjegjengar tok imot tilbodet om å vaske føtene.

Foto: Olav Rygg

Han fortel av at dei 17 som var tilstades under nattverden, var det berre fire som ville ha føtene vaska.

- Så lustringane var litt skeptiske til dette?

- Ja, det trur eg vi kan seie. Dette er nok nytt og framand for mange. Dei vart litt sjenerte og turde ikkje heilt å prøve. Men hovudpoenget var å få introdusert dette for kyrkjelyden vår slik at dei venjast til det.

Ei symbolsk handling

Sjærtorsdag betyr reinselsedag, for ordet skjær kjem av det gammalnorske ordet skira som betyr å vaske eller reinse.

Han fortel at det ikkje er knytt noko liturgi til fotvaskinga, men at det er meir ei symbolsk handling.

- Fin inngang til påska

Det var vanleg på Jesus si tid at føtene vart vaska før store måltid. Normalt var det tenarane som gjorde dette, men under den første nattverden var det Jeusus sjølv som vaska føtene til disiplane sine.

Palmesøndag hadde Jesus blitt hylla som ein konge gjennom gatene i Jerusalem palmesøndag. Før den aller første nattverden audmjuka han seg seg sjølv å bli ein tenar ved å vaske dei andre sine føter.

- Dette er er eit godt bilete på den Jesus var og er, og det er også ein fin inngang til det påska handlar om, seier Lie.

Vil prøve igjen

Han seier at sjølv om ikkje så mange deltok, så var det ein fin start på gudstenesta.

- Fokuset blei på måltidet, så det fungerte fint.

Lie trur heilt sikkert at han kjem til å prøve seg på fotvasking igjen.

- Ja, det trur eg heilt sikkert at vi må gjere neste påske også.