Hopp til innhold

Vil ha granska sjukehus-annonse

– Dette ser eg på som rein sarkasme. Eg tykkjer det er synd at lokale helsetoppar vel å leggje debatten på eit slikt nivå.

Sjukehusannonse

PROVOSERER: Dette er annonsen som kommunelege Bengt Gorén har rykka inn i lokalavisene i fylket. Her frå avisa Firda tysdag 30. mars.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Clara Øberg

REAGERER: Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde er provosert av avisannonsen frå kommunelegane i Vågsøy.

Foto: Bård Siem / NRK
Bengt Georén

TINGA ANNONSEN: Kommunelege Bengt Georén er mannen bak annonsen som no provoserer.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde etter at kommunelege Bengt Georén i Vågsøy tysdag rykka inn ein annonse i lokalavisene i fylket.

Kallar legekontor for lokalsjukehus

I annonsen utnemner legekontoret i Måløy med seks legar som lokalsjukehus, som eit tilsvar på Helse Førde sitt forslag om å gjere om Nordfjord sjukehus til lokalmedisinsk senter .

–Dette er eit direkte innspel i sjukehusstriden, seier kommunelegen til NRK.

Styreleiar Øberg er kraftig provosert.

– Eg vil be fylkeslegen om å sjå på saka for dette handlar om yrkesaktive helsefolk som er så useriøse i ein helsedebatt og som, slik eg ser det, kan skape frykt blant befolkninga med den type utspel.

Øberg understrekar at ho sjølv ikkje har sett annonsen, men har lite positiv å seie om innspelet frå legestanden i Vågsøy, midt i det som er den hardaste sjukehusstriden i fylket.

– Useriøst

– Det blir heilt useriøst i måten dei framstår i forhold til pasientane. Eg synest at nettopp frå dette området har det kome mykje usaklege og usaklege utspel. Vi har fått trugsmål og det har vore ganske mykje. Og Når ein ser at dei som kanskje har mest tillit i samfunnet legg seg på eit slikt nivå, så kan ein på sett og vis forstå at andre vel å gjere det, seier Øberg til NRK

Kommunelege Bengt Georén seier annonsen er alvorleg meint.

– Det er ingen sarkasme. Regjeringa si Soria Mora-erklæring har alle fått med seg. Den seier at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Dette er nedlegging av lokalsjukehusa, seier han.

Øberg ber no fylkeslege Petter Øgar vurdere om ordlyden i annonse-utspelet er akseptabelt frå ein leiande helsearbeidar.