Hopp til innhold

Striden som splittar Sogn

Ordførarane i Indre Sogn klarer ikkje å bli samde om Lærdal sjukehus bør oppretthaldast som lokalsjukehus, eller ikkje.

Sjukehusstriden splittar Sogn.

Ordførarane i Sogn vil ikkje ut med kva uttale dei kjem med om Lærdal sjukehus, men ein ringerunde tyder at synspunkta spriker i alle retningar.

Foto: Fotomontasje / NRK

Regionrådet omfattar Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Aurland.

Torodd Urnes

Ordførar i Luster, Torodd Urnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Her har vi ulik ståstad og ulike synspunkt. Vi klarer ikkje å samle oss om eitt felles standpunkt i denne saka, seier rådsleiar Torodd Urnes.

- Verkeleg synd

Helse Førde går inn for å legge ned lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal , og at desse blir erstatta med lokalmedisinske senter.

Medan Nordfjord mobiliserer for fullt for Eid sjukehus , tyder ein ringerunde til dei åtte ordførarane i Sogn på at synspunkta spriker i alle retningar.

Arild Ingar Lægreid

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Årdal melde seg i haust ut av regionrådet i Sogn. Ordførar Arild Ingar Lægreid reagerer på at rådet ikkje vil ta eit standpunkt.

- Det er verkeleg synd at ikkje regionrådsordføraren støttar opp kring lokalsjukehuset vårt, Lærdal sjukehus, seier Lægreid.

Uttale etter behov

Dei enkelte kommunane jobbar no med høyringsutalar til Helse Førde om helsetilbodet i Sogn. Årdal, Lærdal og Aurland arbeider saman om ein uttale.

Marta Finden Halset og Sonja Edvardsen

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (t.v.).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- For oss i Vik er det like langt til Lærdal som til Førde. Vi ser på dette strategidokumentet ut frå behovet som innbyggjarane i Vik har, seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset.

- Full splitting

- Blir Sogn splitta i denne saka?

Arne Sanden

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden.

Foto: Håvard Holme

- Både sjukehusreforma og samhandlingsreforma seier at fylkesgrensene ikkje skal vere til hinder for samhandling og gode helsetenester. Ut frå det perspektivet så spelar det lita rolle for meg om Sogn blir splitta eller ikkje, seier Finden Halset.

Lærdalsordførar Arne Sanden på si side kallar det heile for ei sterk splitting.

- I høve helsetenestene så er det i aller høgste grad det, og ikkje berre splitting, men full splitting.