Hopp til innhold

Gjengedal fekk dialektpris

Også Mållaget tykkjer dialektbruken til vêrmeldaren på TV2 er ein pris verdig.

Eli Kari Gjengedal

Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal

Foto: TV 2

- Det er klart at dette er veldig, veldig stas. Dessutan motiverer jo dette til å bruka dialekt og nynorsk framover også, samt at det syner at det vert sett pris på.

- Framifrå førebilete

Mållaget deler kvart år ut prisen på sitt fylkesårsmøte, som startar i dag på Skei.
Prisen går til ei bedrift eller ein person som har utmerka seg spesielt i høve til nynorsken eller dialekten sin.

- Det er viktig at personar i slike posisjonar held på dialekta si, og Gjengedal er eit framifrå førebilete. Ho står der og kjem inn i stovene vår når ho melder vêret om dagane, og gjer oss stolte, seier Hilde Yndestad Halland i Mållaget.

- Det er jo stor stas at ein meinar det. Så eg berre tek dette til mitt hjarte, og er stolt, seier Gjengedal.

Fekk pris også i haust

I haust fekk Gjengedal pris frå Målungdommen for dialektbruken sin. Likevel var ho overraska då ho også fekk pris av Mållaget.

- Eg vart kjempeoverraska, selvfølgeleg. Det er jo så mange andre flotte og flinke kandidatar til ein slik pris.

Last ned Eli Kari Gjengedal sin takketale framfor vêrkartet her .