Hopp til innhold

Aafedt Flatland held døra opa

Vikjen Ann Kristin Aafedt Flatland opnar dørene for å halde fram med skiskyting.

Ann Kristin Flatland under OL-stafetten

Ann Kristin Aafedt Flatland opnar dørene for å halde fram som skiskyttar.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

27-åringen har tidlegare vore vag på å om ho vil halde fram, men OL i Vancouver gav henne smaken på meir suksess.

- Spesielt sigeren til Tora gav inspirasjon. Det hadde vore kjekt å stå øvst ein gong, seier Ann Kristin Aafedt Flatland .

- Er i ei boble

Skiskyttarane har framleis tre renn att i verdscupen. Aafedt Flatland ynskejr å vente med ei endeleg avgjerd til sesongen er over.

- Akkurat no er eg inne i ei boble der eg skal fullføre sesongen. OL var målet og høgdepunktet der eg skulle prestere, så eg har ikkje tenkt noko på framtida, seier ho.

- Veldig stort steg

Vikjen er godt nøgd med eigne prestasjonar i OL. Det vart ikkje medalje, men ho viste både god fysisk form og klar betring på standplass.

- Eg meiner eg har teke eit veldig stort steg i år, seier ho og vedgår det var litt surt å glippe på medaljane. Prestasjonane toppa ho med den raskaste etappen på kvinnestafetten . Norge enda til slutt på fjerdeplass på stafetten.

Berger høgdepunktet

Høgdepunket er likevel ikkje hennar eiga resultat, men gullmedaljen til Tora Berger på 15 kilometer. Sjølv enda Aafedt Flatland på 14. plass , men vikjen drog gullvinnaren meir eller mindre fram på flatene.

- Kjendes mest som om eg gjekk halve løpet for henne, ler ho og vedgår at gullmedaljen var ein opptur for heile kvinnelandslaget i skiskyting.

- Det har vore mykje stang ut og mykje negativt om oss dei siste åra, no fekk ho vist at det bur meir i oss enn det som er vist tidlegare, seier ho.

NRK anbefaler