Hopp til innhold

I dag er det feitetysdag

Då skal du eta sju måltid for å feita deg opp til fasta.

Raspeball

Raspeballar er tradisjonell mat som passar godt på feitetysdag.

Foto: Opplysningskontoret for Kjøtt / Astrid Hals

- Når me snakkar om tradisjonell mat, hadde eg dette oppe til diskusjon med kokkane mine. Då konkluderte me med at når det er snakk om kraftig mat her på vestlandet, må me ha raspeballar. Tilbehøyret må vera feitt, gjerne rømmegraut. Det kjem ein veldig langt med, seier Markus Eriksson, kjøkensjef på Sunnfjord hotell.

Feit til faste

Det er berre to av dei sju herlegheitene Eriksson anbefalar på feitetysdag. Før kjøkensjefen får presentera resten av menyen, forklarar kapellan Nils Terje Andersen kvifor dette skal vera ein feit tysdag

- Feitetysdag markerer den siste dagen før den kyrkjelege fastetida set inn. Då gjaldt det frå gamalt av å eta mykje og kraftig mat, helst sju måltid. Det kan gjerne kombinerast med spennande jaktstartar, så lenge ein ikkje skal gå jaktturane sjølv.

Nye variantar

Sild

Steikt sild er feitt og godt

Foto: Colourbox

Trass i at det fyrst og fremst er tradisjonell mat ein skal eta på feitetysdag, anbefalar kjøkensjef Eriksson nokre nye variantar.

- Me prøver andelårkonfi i filodeig med blomkålpurré. Så tek me ei gås, som er ein flott og feit fugl. Andelåret bakar me i omnen og kokar det i smør før me bakar det inn i filodeig.

- Ikkje heilt ja-mat?

- Ikkje heilt ja-mat, nei.

- Bør ikkje eta slik mat ofte

Men Eriksson satsar fyrst og fremst på tradisjonell mat. Dermed fleskar han til med råmjølkspudding og steikt sild som rett nummer fem og seks, samt kveldsmaten.

Råmelkspudding

Råmjølkspudding er ein av dei sju rettane som passar på feitestysdag.

Foto: Jørn Haudemann Andersen / NRK

- Eg er svensk, og i Sverige kallar me råmjølkspudding kalvedans, så då går me for det. Så, sidan me er ei ein flott sildesesong, tek me steikt sild med ein god feit rømmesaus. Før du går og legg deg, et du ein omelett med byggmjøl. Den står du deg lenge på.

- Frå spøk til revolver. Kor ofte bør ein eta rettar som dette?

- Eigentleg ikkje særskild ofte. Det handlar om ein balanse mellom inntak og aktivitet. Og det enklaste for å spara seg dette bryet er å koma til meg, så skal eg sørga for at du blir feit og god til fastelavn.