Hopp til innhold

Sogndal valsa over Skarbøvik

Sogndal gjorde som dei ville mot 2. divisjonslaget Skarbøvik i laurdagens treningskamp i Sognahallen.

Ulrik Flo

Ulrik Flo noterte seg for ei scoring i oppgjeret mot Skarbøvik.

Foto: Arve Uglum / NRK

Etter at det stod 1-0 til pause, sette saftlaget inn scoring etter scoring i andre omgang. Dei stogga ikkje før det stod 6-0.

- Godt å score

Sogndal stilte med eit langt sterkare lag enn mot Årdal på torsdag . Mot Skarbøvik var divisjonsskilnaden tydleg. Sogndal produserte veldig mykje sjansar iløpet av kampen mot den svake motstanden.

- Det var godt å føle at vi heng saman som lag att, og at vi scorar ein del mål. Det har skorta litt på mål i det siste, seier Mats Solheim etter målkallaset.

Seks scorarar

Prøvespelaren Mustapha Cisse var eit konstant uromoment for Sogndal. Og nok ein gong vart han premiert med scoring.

Dei andre scoringane vart sett inn av Tommy Øren, Ole Jørgen Halvorsen, Ulrik Flo, Erlend Nygård Kvalheim og Elvis.