Hopp til innhold

Sogndal tapte for 3. divisjonslag

3. divisjonslaget Årdal vann torsdag kveld 3-2 over 1. divisjonslaget Sogndal.

Harald Aabrekk

Sogndal-trenar Harald Aabrekk var misnøgd med spelarane sin innsats etter 2-3 tapet for 3. divisjonslaget Årdal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal leia 2-1 til pause, men grøntrøyen snudde kampen på eige kunstgras i Årdal. Sogndal-trenar Harald Aabrekk var langt frå nøgd med det spelarane viste.

- Nei, det kan du vere sikker på. Eigentleg skulle alle spelarane få svart på kva som gjekk gale. Men då måtte du ha teke mange telefonar, seier trenaren.

- Ein positiv ting

Trenaren fortel at Årdal tok ein fullt fortent siger. Sjølv sakna Aabrekk både innsats og arbeidsmora blant eigne spelarar.

- Dei spring dobbelt så mykje som oss. Spring du mest, og er best i duellane, så går du oftast sigrande ut av kampane. Dei hadde ei innstilling som overgjekk sogndalspelarane. Dette må vi ta kraftig lærdom av. Det einaste positive i kampen var Årdal, seier han.

Skarbøvik i helga

Sogndal stilte to ulike lag i dei to omgangane. Laga var ei blanding av A-lagsspelarar og unge talent som skulle få prøve seg. Måla til Sogndal vart scora av Ole Jørgen Halvorsen og Moustapha Cisse. Aabrekk er klar på at det er A-lagsspelarane som må ta til seg kritikken. Allereie i treningskampen mot Skarbøvik i Sognahallen vonar han å sjå betre innstilling hos spelarane.

- Vi såg litt kven som har vinnarinnstinkt. Det blir viktig for oss når sesongen startar, seier han.

Var veldig gode

Trenar for Årdal, Nils Tore Krosshaug, er godt nøgd med gjennomføringa av kveldens treningskamp. Han såg Christian Stedje sette inn 1-0 etter eit kvarter, medan Tim Teigen og Brede Stedje Ylvisåker sytte for snuoperasjon med sine scoringar etter kvilen. Då styrte også Årdal mykje av kampen.

- For det første er det stort å møte eit 1. divisjonslag, men dei stilte med eit blanda lag. Likevel, vi vinn heilt fortent og eg tykkjer vi gjer ein veldig god kamp, seier han.

Testa hurtig atlet

Begge lag gjorde mange byter i kampen og fleire unge fekk sjansen. Heimelaget gav tre 16-åringar sjansen til å vise seg fram. Noko dei også gjorde positivt. Sogndal testa ut jamaicanske midtstopparen Richard Kentish.

- Du såg at han er ein atlet og ein stor fart. Men det var vanskeleg for han å vise seg fram i ein kamp der vi ikkje heng saman, seier Aabrekk.