Hopp til innhold

Far og son køyrde gjennom isen

Til alt hell klarte begge å kome seg på land før traktoren forsvann i djupet.

Køyrde gjennom isen med traktoren
Foto: Kjell Egil Nes

- Han sa at det var blautt i det eine sporet, og då kjendte eg at bakdelen på

Kjell Egil Nes

Kjell Egil Nes hadde flaks då traktoren hans sank i Veistrondvatnet

Far og son køyrde gjennom isen
Foto: Kjell Egil Nes
Isen på Jølstravatnet
Foto: Ingrid Norum
Is på Jølstravatnet
Foto: Jarle Helgheim
Is på Jølstravatnet
Foto: Jarle Helgheim
Isen på Jølstravatnet
Foto: Torje Bjellaas / NRK

traktoren byrja å synke, seier Kjell Egil Nes.

Isen var trygg dagen før

Det som skulle vere ein rask køyretur over Veitastrondsvatnet for å gjere skogsarbeid, vart i staden ei dramatisk historie som framleis sit i kroppen for Kjell Egil og Robert Nes frå Veitastrondi.

Far og son skulle køyre over isen for å gjere skogsarbeid like ved heimen. Dagen før hadde dei gjort det same, og då var isen trygg. Men plutseleg gav isen etter for traktoren, og byrja å sprekke.

Hamna i det iskalde vatnet

- Eg tok ein, to, tre symjetak beint opp i vatnet og kom opp att til overflata. Så symde eg bort til iskanten, og kom eg meg opp på isen, fortel Kjell Egil.

Til alt hell hadde sonen kome seg av traktoren før den forsvann i djupet.

No vil Nes åtvare andre som let seg lure av tilsynelatande trygg is.

- Det er umogleg å stole på at isen er trygg, seier han.

-Det er livsfarleg på isen

I Jølster har fleire såvidt unngått å hamne i vatnet, etter å ha testa skøytene der isen har store hol.

Det fortel Jarle Helgheim, som har reist opp og ned langs vatnet og åtvara folk gjennom helga

- Det er livsfarleg å gå på isen frå omlag to kilometer frå Hustranda og over heile vatnet, seier han.

Ber folk ta med ishakke

Statsmeteorolog Carsten Eitrem seier isen fleire stader smeltar frå undersida - og ber folk ha med ishakker når dei skal utpå.

- Folk bør ta med seg to piggar når dei går på isen slik at dei kan klare å redde seg sjølve opp om dei skulle hamne i vatnet, seier han.

Held seg unna isen frammover

I Veitastrond har Kjell Egil Nes fått nok av islagde vatn.

- Ja, eg trur det vert lite fart på isen her etter det vi opplevde.