Hopp til innhold

Gir "diaréhotellet" ny sjanse

Diabetesforbundet har ikkje teke skrekken etter at fjorårets 60 års-jubileum på Clarion Hotel Oslo Airport gjekk regelrett i do.

Clarion Hotel Gardermoen

Slik såg det ut utanfor Clarion Hotel Oslo Airport under diabetesforbundet sitt 60 års-jubileum i september i fjor.

Foto: Hansen, Dan Åsen / SCANPIX

Når forbundet i år skal halde årsmøte, er det med friskt mot at dei på nytt flyttar inn på Clarion Hotel Oslo Airport.

- Eg gjer det. Og det trur eg alle dei andre gjer også. Dette var eit enkelttilfelle, og vi tenkjer at det ikkje kan skje oss igjen, seier delegat frå Sogn og Fjordane, Solveig Svedjan.

- Fall som fluge

Men opplevinga under fjorårets store 60 års-markering vart alt anna enn ei god oppleving. Til saman 192 personar vart råka av oppkast og diaré . 141 av desse frå Diabetesforbundet, medan også tilsette og andre gjester ved hotellet vart sjuke.

- Vi merka det først under middagen. Det var heilt merkeleg. Vi sat ti og ti på runde bord, og folk fall som fluge. Det var vel sju-åtte ambulansar som gjekk skytteltrafikk, fortel Svedjan.

- Nok som ikkje stemde

Delegaten frå Sandane var ei av få som klarte å halde seg på beina, men ho fekk hendene fulle med å hjelpe andre. Hotellet valde å halde stengt i to døgn, og etterkvart viste det seg at det ikkje var tale om matforgifting, men omgangssjuke .

- Eg kjende det var noko som ikkje stemde, fortel Svedjan.

Kry hotelldirektør

Clarion Hotel Oslo Airport

Ved Clarion Hotel Oslo Airport er dei trygge på at noroviruset vil halde seg vekke denne helga.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

På sine eigne nettsider skreiv forbundet at feiringa gjekk rett i do . Etter episoden vart Diabetesforbundet og Clarion Hotel samde om ein kompensasjon . Hotelldirektør Rajko Mink er kry over at Diabetesforbundet igjen står på gjestelista. Han er trygg på at Noro-viruset ikkje "deltek" på årsmøtet.

- Vi gler oss veldig, veldig mykje til å ta i mot dei igjen. Det viser at dei har tillit til oss, seier han.

- Ingen som er reinare

Gler seg gjer også Svedjan. Ho har stor tru på at årsmøtet, som starta fredag, vil gå bra.

- No er det vel ikkje eit einaste hotell i Norge som er reinare enn dei. Dei la seg heilt flate, og etter ei veke heime fekk eg ein stor blomsterbukett frå Petter Stordalen. Og det hadde alle saman fått, seier ho.