Hopp til innhold

Planlegg lakseoppdrett på land

Men ikkje alle er samde i at det er positivt for norsk oppdrettsnæring.

Arve Gravdal

JOBBAR MED UTVIKLING: Arve Gravdal og bedrifta Niri trur framtida for norsk laksenæring er å flytte oppdrettet på land.

Foto: MMS-foto: Asgeir Reksnes/NRK

- Vi har utvikla ein modell som kan produsere fisk i store mengder, der vi resirkulerer vatn inne i anlegget utan å pumpe det opp frå havet. Det er billeg og kostnadseffektivt å drifte, seier Arve Gravdal.

Kan sleppe sjukdommar på fisken

Den daglege leiaren i Niri viser fram papira som syner det han meiner er framtida for norsk laksenæring. Bransjen kjempar i dag mot lus på fisken og rømming frå oppdrettsanlegga - alternativet kan vere å produsere fisken på land:

I tankar på land vil Niri reinse og resirkulere vatnet, noko som gjer at ein slepp å pumpe opp sjøvatn - noko som er svært strømkrevjande.

Fordelen er at ein slepp sjukdommar på fisken, og stabil temperatur på vatnet gjer at fisken veks raskare. Dessutan er det ein kostnadsmessig fordel å kunne produsere fisken nærare marknaden enn ein gjer i dag.

- Medan ein norsk næringsaktør vil sjå på sjølve kostnaden medan fisken er i sjøen, vil ein i Japan og Kina sjå på kva det kostar å få fileten klar på bordet, seier Gravdal.

Laks

PÅ LAND? Får Niri det som dei vil, kan framtidas lakseoppdrett skje på land - og ikkje i fjordane.

Foto: Terje Marøy / Scanpix

- Styresmaktene må støtte opp

Lakseoppdrett på land er eit tema som har vore diskutert i over 20 år, utan at det har komme noko ut av det reint konkret.

Men no får Gravdal støtte av førsteamanuensis Kristin Roll ved Universitetet i Stavanger.

- Vi har ei spennande tid framfor oss. For det har vore mykje problem med rømming og lakselus, og eg trur dette er framtidas teknologi, seier ho.

- Her er det veldig viktig for Norge og styresmaktene å vere med og gje støtte, så vi ikkje blir taparar i utviklinga, seier Roll.

- Bør utnytte fortrinnet med kysten

Men det er ikkje alle som er samde om kva veg utviklinga bør gå innan laksenæringa. For det kan fort vise seg at oppdrett på land kan bli dyrt, plasskrevjande og vanskeleg å gjennomføre i praksis.

- Konkurransefortrinnet vårt i Norge er at vi ligg ved ein kyst som er som skapt for å drive havbruk. Det er klart at vi har eit stort potensial for å drive produksjon av store mengder ved kysten, og difor er det viktig at vi held fast på det fortrinnet, seier informasjonssjef Are Kvistad i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL)

Men tilbake i Måløy er Arve Gravdal overtydd om at prosjektet hans er komme for å bli:

- Teknisk sett veit vi at dette er mogleg - det er økonomien det står på. Vi har tapt nokre slag, men kampen skal vi vinne, seier han.