Hopp til innhold

Stefar tiltalt for 100 overgrep

Ein mann i 50-åra står i Sogn tingrett tiltalt for fleire overgrep mot si tidlegare stedotter. Jenta var 12 år då overgrepa skal ha starta.

Saka byrja onsdag i Sogn tingrett, og blir torsdag avslutta med prosedyre og påstand.

- Han er tiltalt for å ha hatt samleie med stedotter si frå ho var 12 år. I alt har fornærma fortalt at det er snakk om kring 100 overgrep. Her er det tale om samleie, seier statsadvokat Magne Nyborg.

To til 15 år fengsel

Blir mannen funnen skuldig etter tiltalen, som er gjentekne overgrep over ein periode på 2,5 år, er strafferåma fengsel frå to til 15 år.

- Det som gjer den alvorleg er at det er ein person som fornærma skal ha hatt tillit til. Han har misbrukt tilliten jenta hadde til han, seier Nyborg. Jenta skal først ha fortald sin dåverande kjæraste om overgrepa, før både mor, pyskolog og politi fekk kjennskap til dei.

Misbrukte tillit

Nyborg seier at saka er av dei mest alvorlege han har hatt, som gjeld overgrep mot barn mellom 12 og 15 år.

- Det som gjer den alvorleg er at det er ein person som har misbrukt tilliten ho skulle hatt til han over ein periode på 2,5 år, seier han.

Forsvararen til mannen, Torbjørn Kristoffersen hos advokatfirmaet Tollefsen, seier klienten hans vedgår delvis straffskuld.

Delvis straffskuld

Han vedgår ikkje å ha hatt samleie med jenta.

- Klienten min vedgår straffskuld for eit enkelt tilfelle. Då var fornærma 14 år gamal. Han stiller seg uforståande til forklaringa som fornærma har gjeve i retten i dag, seier han. Mannen nektar for at overgrepa skal ha skjedd utover den eine gangen.

Tok initiativ

Mannen har forklara at det var jenta som tok initiativ til kontakten mellom dei to. Han ynskjer ikkje å gå nærare i detalj på omstenda.

- Det er forhold som gjer at saka får eit ganske anna preg enn det påtalemakta prøver å teikne.

- Men han var klar over alderen hennar?

- Det er også ei årsak til at han vedgår delvis straffskuld etter tiltalen.

Godtek ikkje erstatning

Aktor Magne Nyborg vil ikkje seie kva påstand han vil gå for i tingretten torsdag. Kristoffersen vil derimot legge ned påstand om frifinning for tiltalen som knyter seg til seksuell omgang med mindreårige under 14 år.

- I tillegg ber eg om at min klient blir dømd på mildast mogeleg måte. Sett i høve overgrepet si avgrensa form, og dei spesielle omstende som ligg i saka, så vil eit venta erstatningsspørsmål bli motstridd, seier han.