Hopp til innhold

Jølstringar fekk fylkeskulturprisen

Hovudutvalet for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag vedteke å gje fylkeskulturprisen for 2009 til Nedre Jølster bilelag.

Nedre Jølster bilelag.

Nedre Jølster bilelag.

Foto: Nedre Jølster bilelag.

Sidan 1980 har fylkeskommunen delt ut sin kulturpris på 40000 kroner, og føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i fylket. Og i år går altså prisen til Nedre Jølster bilelag.

Laget driv antikvarisk restaurering av eldre bygg og ivaretek gamle handtverkstradisjonar.

– Det er veldig kjekt at det me driv med vert lagt merke til, seier Erlend Gjelsvik, ein av grunnleggjarane av laget.

Samarbeid med Riksantikvaren

Riksantikvaren er ein av samarbeidspartnarane til laget. Dei vart tidleg med i Riksantikvaren sitt mellomalderprosjekt og vidare stavkyrkjeprosjektet som enda held fram. Då Urnes stavkyrkje skulle restaurerast, var det dei som fekk oppdraget, og dei vert sett på som ein viktig nasjonal ressurs innan tradisjonalet handtverk.

  • SEND DIN GRATULASJON NEDST I SAKA.

Bilelaget vart starta opp i 1994 av tømrarane Erlend Gjelsvik, Halvor Slåtten og Bjarne Sunde. Dei har stelt og sett i stand eit stort tal eldre bygningar i heile fylket frå mindre uthusbygningar til større freda bygg og stavkyrkjer.

– Det verkar som om det er ein auka interesse for restaurering av gamle bygg, og i den tida me har drive har det vore gode tilskotsordningar, seier Gjelsvik.

Viktig å løfte fram kulturminner

I ei pressemelding skriv fylkeskommunen at det har vore viktig å markere kulturminneåret 2009 med ein kulturpris til ei gruppe menneske som på ein så framifrå måte tek vare på den fysiske kulturarven knytt til bygg og bygningsmiljø.

I dag er Erlend Gjelsvik, Halvor Slåtten, Bjarne Sunde, Bjarne Risnes og Erlend Slåtten med i bilelaget.