Hopp til innhold

- Uverdig behandling

Unge psykiatripasientar ved Førde BUP må finne seg i særs låge standardar.

Inngang til "brakka" BUP Førde

BRAKKA: Eli Føleide er tillitsvald for psykologane ved Sentralsjukehuset i Førde, her står ho utanfor 'brakka'. Den er lite tilgjengeleg for rørslehemma og folk med barnevogn.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Eli Føleide

UNDERSØKINGSBENKEN: Eli Føleide viser fram matta som må fungere som undersøkingsbenk.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

I eit brev til leiinga skildrar tillitsvalde svært dårlege arbeidsvilkår som gjer at dei kan behandle færre pasientar, og at behandlinga vert dårlegare.

  • Sjå hovudpunkt i brevet, nedst i artikkelen.

- Ein del av forholda på Førde BUP kan ein kalle uverdige. Både for pasientane, og for dei tilsette.

Dette seier Tom Guldhav om Sogn og Fjordanes største sjukehus sitt tilbod for barn og unge med psykiske lidingar. Han er tillitsvald for overlegane ved Sentralsjukehuset i Førde.

«Brakka»

Førde BUP er i dag delt opp i tre arbeidsstader, og den verste av dei er ei brakke på parkeringsplassen. Det kan Eli Føleide fortelje, ho er tillitsvald for psykologane ved sjukehuset.

Dei kallar ho «brakka», og det er ingen fordel å vera rørslehemma om du skal inn i ho. Både innanfor og utanfor er det trapper. Likevel har mange av psykologane kontora sine her.

«Brakka» har også berre eit toalett, dette må delas av alle dei tilsette, pasientane og dei pårørande av begge kjønn.

Pengeknipe

Psykisk helsevern ved Helse Førde må tole kutt. Dette trass i at BUP slit med å halde tidsfristar for behandling som det siste året har gått opp heile 85,5 prosent.

I eit internt dokument kjem det fram at Helse Førde har bede psykiatrisk helsevern spare 5 millionar, og at fleire stillingar vert avvikla.

Administrerande direktør ved Helse Førde, Jon Bolstad har ikkje løysinga på problemet. Han har tidlegare lova BUP nye lokaler, men ser ikkje korleis det kan få råd til det no.

(teksten held fram under bileta)

Venterom BUP

VENTEROM UNDER TRAPP: Radioen må stå på på venterommet i «brakka». Elles kan ein høyre pasientsamtalar frå kontora.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK
Garderobe WC BUP Førde

EITT TOALETT: På «brakka» må tilsette, pasientar og pårørande dele eitt og same toalett.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Dette er forholda

  • Pasientar må ved avtalar i brakka går åleine eller saman med tilsett over parkeringsplassen. Det opplev dei som stigmatiserande; dei vert svært synlege.
  • Venteområde under ei trapp. Ofte ikkje sitjeplass til alle.
  • Dårleg støyisolering gjer det naudsynt å ha på radio i venteareala.
  • Ikkje tilrettelagd for at rørslehemma pasientar og føresette kan ta seg inn i kontora.
  • Eit felles toalett for pasientar og tilsette. Vert vaska ein gong i veka, nokre gonger sjeldnare.
  • Konfidensielle dokument, som journalar, vert dagleg frakta mellom brakka og hovudbygget.
  • Fare for tilsette og pasientar dersom dei er åleine i brakka. Langt til hjelp og ingen alarm.
  • Samtalar kan overhøyrast frå parkeringsplassen dersom vindauga er opne.
  • Dårleg ventilasjon gjer det for varmt å nytte kontora på varme dagar.
  • Manglar utstyr som rom med undersøkingsbenk. I dag må pasientar undersøkjast på ei matte på golvet.
  • Utdatert datautstyr gjer at ein ofte må vente 30 minutt medan datamaskina startar opp.
  • (Eit samandrag frå brevet sendt til leiinga i Helse Førde)