Hopp til innhold

Fryktar total verftkollaps

Utrekningar viser ei dramatisk utvikling for industrien dei neste to-tre åra.

Trond Giske

LOVAR Å GJERE NOKO: Næringsminister Trond Giske lovar tiltak for å redde verftsindustrien.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Næringsminister Trond Giske fekk i går presentert dystre tal for framtida til skipsverftsindustrien i Norge:

Ein dramatisk ordresvikt peikar mot ein total kollaps i industrien. Ordretørken gjer ifølgje Dagens Næringsliv at talet skip som vert leverte til verft i Norge, kan falle frå 95 ferdigbygde skip i 2009 heilt ned til berre to skip i 2012.

Ordretilgangen stupar

Tala kjem frå Norske Skipsverft og Norsk Industri, og syner kontraktverdien ved norske verft:

2009 blir eit toppår med skipsleveransar til ein verdi av 90 miiliardar kroner.

I dei kommande åra fell talet drastisk, og endar opp med at norske verft i 2012 berre har kontraktar for éin milliard kroner.

Såg situasjonen i Florø

I førre veke vitja Trond Giske STX Europe-verftet i Florø, der 120 arbeidarar er permitterte. Der gav nye næringsministeren uttrykk for si uro for verftsindustrien.

No ønskjer Næringsdepartementet konkrete forslag på bordet for å hjelpe industrien gjennom ordretørken.

- Det er all mogleg grunn til uro. Ordresituasjonen dei kommande åra vil vise korleis 2011 og 2012 kjem til å bli, men det vi førebels ser, varslar ikkje godt, seier Giske til Dagens Næringsliv.