Hopp til innhold

Fleire gauper i Sogn

Ei gaupe drap sau i Vetlefjorden for fyrste gong i helga.

Gaupe
Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Nye områder for gaupa og registrering av ynglingar tyder på at det er meir gaupe enn før i Sogn.

Det kan også gå utover hjorten, fortel forskar i Norsk institutt for naturforsking, John Linnell.

- Gaupa et fleire hjort enn vi trudde.

Drap ni hjortar

Eit prosjekt instituttet har gjort med merking av 20 gauper i Buskerud, Telemark og Østfold synte mellom anna at ein av gaupene drap ni hjortar i løpet av sist vinter.

- Det oppsviksvekkande er at gaupa ikkje berre tek kalv, men også vaksne dyr, til og med store bukkar, fortel Linnell.

Trur bestanden veks

Det har nyleg vorte observert gaupe fleire gonger i Lærdal, og sauedrapa i Vetlefjorden tyder på at gaupa finn seg nye områder i Sogn. I sommar og haust er det funne fleire sauer drepne av gauper både i Leikanger, Sogndal og Luster. Rovviltkontakt for dette området, Einar Fortun, trur gaupebestanden veks.

- Det har vore gaupe her lenge og dei må ha yngla. Det har ikkje vore skote gaupe sidan 1980-talet, då må det vere mykje som tyder på at stammen aukar.

Han ser ikkje vekk frå at gaupa lever godt også av vaksen hjort på vinteren

- Eg har sett to gonger at gaupa har teke hjortekalvar, og eg trur ikkje ho har problem med å ta vaksen hjort.