Hopp til innhold

Vil ikkje ha kraftline som ny nabo

Olje- og Energidepartementet møtt av nye protestar mot planlagd kraftlinje.

Video nsps_upload_2009_10_20_16_59_6_4322.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Protestane mot den planlagde kraftlina på Nordvestlandet er massive. Olje- og energidepartementet som denne veka er på synfaring i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, vart onsdag møtt av ein stille protest i den vesle bygda Holsen i Førde kommune.

LES OGSÅ: Synfaring før avgjerd om kraftlinje

- Det visuelle betyr ikkje så veldig mykje, men det er strålingsfaren og det farlege med linja som vi er veldig redde for. Her er mykje born, eit byggefelt og vi vonar å kunne bli her i evig tid, seier Ane Birkeland.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_10_19_18_34_47_4243.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

500 meter frå linja

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har gått inn for at den nye kraftlinja skal gå i luftspenn mellom Ørskog og Fardal. Kraftlina blir 40 meter brei og vil fleire stadar gå gjennom busetnad. Born og foreldre langs heile traseen, samt naturvernarar, fryktar konsekvensane og ynskjer linja lagt i sjøkabel.

- Totalt gjennom Førde og Gaular kommune bur det 120 personar innan ein avstand på 500 meter frå linja. Den andre traseen har vi funne ut at det bur totalt ni personar. NVE sjølv vektlegg befolkning i sine føringar for kvar linjer skal gå, seier Truls Oppedal i grendalaget.

- Tek med seg engasjement

Olje og Energidepartementet har fått inn til saman 75 klagar på den planlagde linja. Synfaringa og møta delegasjonen er ute på, er del av klagehandsaminga. Rusta med plakatar, var det ein stille, men klar protest, i Holsen.

- Det er sterkt engasjement her, og det må vi ta med oss attende når vi skal vurdere trasévalet, konstaterte ekspedisjonssjef Per Håkon Høyisveen i ein knapp kommentar til media. Før delegasjonen av politikarar og organisasjonar hasta vidare.

Traseen for nye 420 kV-linja mellom Ørskog og Fardal.

Her skal kraftlina gå.

Foto: Kart: Statnett