Vann konkurransen om nytt rådhus

PERSPEKTIV FRÅ NORDVEST: Dette forslaget vann konkurransen.
Foto: Nordplan AS, Mestres Wåge Arqutectes og 70 gr. NordForslaget Rendez-Vous vart vinnar av arkitektkonkurransen for nytt rådhuskvartal i Førde.
Publisert 19.10.2009 15:29.
- Kommentarer
- Skriv ut
Rendez-Vous betyr "møte" eller "møteplass" og håpet er å få ny aktivitet på sørsida i sentrum.
Det er det lokale arkitektkontoret Nordplan AS, det spanskebaserte selskapet Mestres Waage Arquitectes og 70 gr. Nord frå Tromsø som står bak forslaget.
- Dette forslagt vart vurdert som det beste av juryen, seier Børge Tvedt som har vore konkurransefunksjonær.
- Attraktive møteplassar
Bygget skal innehalde rådhus, innovasjonssenter og butikkar og er på over 16 000 kvadratmeter. Rådhusdelen har ein kostnadsramme på 180 millionar kroner.

Bygget sett mot torget og Pikant.
Foto: Nordplan AS, Mestres Wåge Arqutectes og 70 gr. Nord68 arkitektkontor sende inn søknad om å få vere med, av dei vart seks plukka ut til å vere med i siste del av konkurransen. Juryen visste ikkje kven som stod bak dei ulike forslaga.
I grunngjevinga frå juryen står det at Rendez-Vous har det mest interessante byplangrepet gjennom eit ope og sammanhengande kvartal.
- Bygningsstrukturen er open og luftig med spennande romsituasjonar.
Juryen meiner også at det vert danna attraktive møteplassar og vil fungere godt som arena for konsertar, gateteater og andre arrangement.
(Artikkelen held fram under biletet)

- Dette er ein milepæl
Ordførar Nils Gjerland håper på å kunne flytte inn i det nye rådhuset i 2013.
- Det er ein milepæl at vi har ein vinnar, for no kan vi detaljplanleggje vidare.
Han seier at juryen hadde ein vanskeleg jobb.
- Det var vanskeleg fordi forslaga var veldig forskjellige når det gjald funksjonar. Så vi brukte ein del tid på dette.
Hastar for kommunen
No skal kommunen avgjere korleis framdrifta framover skal vere. Det hastar for Førde kommune med eit nytt bygg fordi dagens lokale er for små. For kommunen sin del er det meste klart når det gjeld romprogrammet.
- No må vi avklare vidare med dei andre aktørane som skal inn i huset.
Håper på meir aktivitet
Gjerland meiner at det nye rådhuskvartalet er viktig for å få meir aktivitet på sørsida i Førde.
- Det blir også plass til mange butikkar og det skal vere parkeringsplassar under heile det nye bygget.
Lenker
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen