Hopp til innhold

No kan du køyre tunnelen

Statens vegvesen meiner vêrsituasjonen minner om hausten 2004, og ser ingen grunn til å utsetje opninga av den ferdige vegparsellen langs Kjøsnesfjorden i Jølster.

Støylsnestunnelen er opna

TEKEN I BRUK: Støylsnestunnelen langs rasutsette Kjøsnesfjorden er av tryggleiksomsyn til bilistane teken i bruk.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Den nye parsellen av riksveg 5, Hammarsgrovi - Stølsneset ved Kjøsnesfjorden i Jølster, er klar for trafikk.

Ventar ikkje på offisiell opning

Støylsnestunnelen er no sikkerheitsgodkjend, og frå torsdag klokka 15.30 er parsellen open for bilistar.

- Sjølv om vegen skal opnast offisielt av H. M. Kong Harald først 2. november, er det ingen grunn til å vente med å sleppe trafikken til på denne rasutsette strekninga, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Støylsnestunnelen.

KLAR FOR BRUK: Den nye Støylsnestunnelen på riksveg 5, Hammarsgrovi - Stølsneset opna torsdag - klar for trafikantar.

Foto: Jarle Sperle, Statens vegvesen

Tek omsyn til tryggleiken

- Her går det steinras og snøras. Og med den vêrsituasjonen vi har no, liknar det på situasjonen i november 2004 med mykje snø i fjellet og påfølgjande regn, snøsmelting og ras. Og når vegen er klar, kan vi ikkje vente med å opne den, seier Haugen.

- Vi opnar av omsyn til bilistane sin tryggleik, forklarer prosjektleiaren.

Skal eliminere rasutsett veg

Riksveg 5 Hammarsgrovi - Stølsneset i Kjøsnesfjorden er eit rassikringsprosjekt, med 2660 meter ny tunnel og totalt om lag 3250 meter ny veg.

Inne i tunnelen

Slik ser den nyopna tunnelen ut innvendig.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Det er òg bygt i alt fire rasvollar av ulik storleik i området. Målet med utbygginga har vore å eliminere den rasutsette strekninga.