Hopp til innhold

Søknadstraum mot norske verft

Utanlandske arbeidarar i hopetal kontaktar no norske skipsverft på jakt etter jobb.

Utanlandske arbeidarar ved Havyard Leirvik

Utanlandske arbeidarar ved Havyard Leirvik. Arkivfoto.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Årsaka er ordretørke i heile Europa, og dei 5000 norske skipsarbeidarane får no konkurranse.

Ein av dei som som dagleg blir kontakta, er dagleg leiar ved Solund Verft, Svein Tore Bakke.

– Enkelte dagar er det tre-fire som kontaktar oss, og då er det ikkje berre firma, men også enkeltpersonar som prøver å søkje jobb.

– Og det er ikkje vanleg for Solund Verft?

– Nei, eg trur ikkje vi er dei mest kjende. Dei større og meir kjende har nok sikkert meir påtrykk.

Artikkelen held fram under biletet.

Solund Verft
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Ved det vesle verftet i Solund er det bra med arbeid , og 45 arbeidarar er i sving. Andre verft er nede i ein djup bølgjedal. STX i Florø har sagt opp 120 av 200 arbeiderar. Ved Havyard Leirvik er arbeidsstokken redusert frå 700 til 450 arbeiderar.

Verre ute i Europa

Ute i Europa er situasjonen endå vanskelegare, og dei baltiske landa er ekstra hardt råka av finanskrisa. Arbeidarar i hopetal vil krysse landegrensene for å få seg jobb. Dei 5000 norske verftsarbeidarare får dermed konkurranse.

Også dei selskapa som leiger ut arbeidskraft har stor pågang. Blant dei er bergensfirmaet Artic Personal. Jan Ove Tytingvåg er dagleg leiar.

– Vi har stor pågang, og større pågang enn nokon gong frå Norden, både norske arbeidarar frå m.a. Aker Verdal, men spesielt frå Sverige og Finland. Det er og stor pågang frå Litauen og Latvia.


Mykje meir enn normalt

Kor mange er det som tek kontakt?

– Mellom fem og ti pr. dag, det kjem fulle cv-ar med referansar, dei siste to månadene har vi passert 235 søknader. Det er mykje meir enn det som er normalt.


Fleire NRK har vore i kontakt med peikar på at når verfta tener mindre pengar, og ei mengde arbeidarar i jaktar på jobb, er det større fare for sosial dumping. Leiaren i Artic Personal fryktar at utanlandske aktørar tilbyr billeg arbeidskraft og at norske verft seier ja takk.

– Har mistanke om sosial dumping

– Vi har dessverre ein mistanke om at det er delvis i ferd med å skje. For vår del held vi oss berre til dei tariffane som gjeld. Men vi ser at nye aktørar får innpass, og vi er ikkje heilt sikre på korleis dei greier det. Vi er ikkje nøgd med situasjonen.

Distriktssekretær i Fellesforbundet, Oddbjørn Aalen seier det er både synd og bekymringsfullt om norske verft takkar ja til billeg utanlandsk arbeidskraft.

– Når krubba er tom...

– Ordtaket seier at når krubba er tom så bitest hestane, og det kan verke som at det er tilfelle no. Det som bekymrar oss er at det går mest på timepris, og at det vi kallar sosial dumping er på veg inn.

– Trur du det er eit problem ved skipsverfta i Sogn og Fjordane?

– Ja,

– Korleis reagerer du på det?

– Det er synd at slikt skjer når vi no hadde fått det til slik at alle skulle halde seg til eit einsarta regelverk. No når oppdraga minkar kjem dei altså og tilbyr sine tenester langt under det som er akseptabelt. Eg synest verfta bør tenkje på det når dei skal drive med innleige av arbeidskraft.