Hopp til innhold

Får nytt fellingsløyve på jerv

Nytt løyve for to nye veker på jakta etter jerv i Sogn.

Jerv felt under jervejakt i Sogn.
Foto: Statens Naturoppsyn-Aurland

Viltforvaltar Hermund Mjelstad seier det berre er to ting å gjere. Anten å få sauene ned tidlegare frå fjellet, eller fjerne jerven.

15 sauekadaver

For ni sauer er sålangt påvist drepne av jerv i Leikanger. Men totalt er det funne 15 sauekadaver i området.

- Det er mest truleg snakk om ein jerv, ein hanne. Og det er vanskeleg å seie nok om kvar han kan vere no, men det er mogleg at han har teke turen mot Sogndal, seier Mjelstad.

Bøndene har ivra på å få eit nytt felingsløyve etter at det førre kjem til å gå ut i morgon onsdag.

- Det er forståeleg. Og vi kan hjelpe med å få ned sauene frå fjellet tidlegare om bødene vel dette, forklarar Mjelstad.

Fann fire i helga

Sogn avis skriv i dag om Heidi Eiken på Grinde som fann fire av dei nye kadavera, under ein tur til stølen Steinsete i helga.

Ho seier til avisa at ho frå stølen såg at det flaug mykje ramn oppe på Fagraeggi.

Eg tok meg ein tur opp for å sjå. Eg fann første lammet oppe på toppen, og då eg såg den blodige nakken, skjønte eg at dette var jerven sitt verk, seier Eiken, som i tillegg fann to daude lam og ein daud sau like ved det første kadaveret.

Avisa skriv at sauene tilhøyrte naboen Roald Lunde. Og dagen etter tok han turen opp for å sjå på kadavera, saman med SNO sin rovviltkontakt Einar Fortun.

Liding for dyra

– Fortun konstaterte at jerven hadde teke sauene, og eitt av dyra var så knuste i nakken etter jervebittet at hovudet vart halde på plass berre av skinnet. Det er forferdeleg å sjå at dyra går gjennom slike lidingar, seier Roald Lunde.

Han og Fortun tok seg samstundes ein tur ut på vestsida av fjellet Hest, der dei fann to daude sauer til i Søkjerbotn, tydeleg angripne av jerven.