Hopp til innhold

Krev fellingsløyve på jerven

Bondelaget aksepterer ikkje at Fylkesmannen sit og vurderer medan jerven drep for fote.

I jervens rike
Foto: Picasa 2.6

- Me kan ikkje ha det slik at jerven skal få lov å drepa for fote over lengre periodar, og så skal byråkratiet sitja å vurdera opp- og nedetter når dei ser det som sannsynleg å kunne ta den. Her må me ta jerven når den gjer den skaden den gjer, seier fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren.

Etterlyser raskt svar

Rovviltkontakta i Leikanger har slått fast at det er jerv som har teke fire lam i Henjadalen .

Bøndene har søkt fylkesmannen om fellingsløyve og etterlyser eit raskt svar.

Men ifølgje Gøsta Hagenlund hos fylkesmannen, er jerven i utkanten av sitt

Per Hilleren
Foto: Arne Eithun / NRK

naturlege område, og det er difor lite truleg at den vil etablera seg her.

- Det er altså ikkje slik at ein uansett skadeomfang og påvising av gjennomfart av jerv skal gje løyve. Då seier eg ikkje det på bakgrunn av at det ikkje vil verta vurdert å gje løyve, men me må få nokre timar å vurdera det på.

- Inga unnskylding

Den forklaringa er ikkje god nok for Hilleren.

- Det er inga unnskylding at jerven er i utkanten av området sitt. Jerven er i eitt området han ikkje skal vera. Då har Fylkesmannen berre ein ting å gjera, og det er å gje fellingsløyve på denne jerven. Sjølv om det er ferietid hjå Fylkesmannen så må dei kunne ta den avgjersla og gje fellingsløyve her.