Hopp til innhold

– Bruk hovudet om du får influensa

Vi har prata med tre ekspertar om kva svineinfluensaen vil bety for deg.

Syk.

Illustrasjonsbilete.

Foto: Martin Kierstein / Colourbox

  • Svineinfluensaen er så omfattande at WHO har erklært viruset som ein pandemi.
  • Om lag 700 er døde av influensaen på verdsbasis.
  • Kring 150 personar i Norge er smitta; om lag ti av dei her i fylket.
  • Folkehelseinstituttet reknar med at 30% av befolkninga her i landet blir smitta.

Men ekspertane er optimistiske.

Auke til hausten

Overlege Hans Blystad ved Folkehelseinstituttet, reknar med at smitte-toppen vil kome i haust.

– Når folk byrjer å arbeide att, skulane opnar og det blir kjølegare i vêret, vil smitta spreie seg lettare. Vi ventar ein kraftig auke i tal sjuke, kanskje allereie i september, seier han.

Han påpeikar at instituttet har bestilt vaksine til heile befolkninga, og at dei vil byrje å vaksinere utover hausten.

Gisle Roksund, leiar i norsk foreining allmennmedisin, trur medieoppslaga kring sjukdommen skremmer folk.

– Det er klart at tv-bilete av mexicanarar med munnbind, helsepersonell som er smittevernkledd og store avisoverskrifter verkar skremmande, seier han.

Usikkert

Roksund seier det er mykje usikre spådommar om kor alvorleg sjukdommen vil råke.

– Vi driver med meir eller mindre kvalifiserte gjetningar. Det er eit nytt virus, og få er immune mot det. Men samtidig har det vist seg å vere mykje mindre dødeleg enn vi først trudde, seier han.

Roksund trur hausten vert prega av at mange vert småsjuke, med milde influensasymptom som går over av seg sjølv. Men han påpeikar at mange sjuke folk kan gå slå ut delar av arbeidslivet.

– Men nokon vil bli hardt råka?

– Ja. Men 1000-1500 menneske døyr av vanleg influensa kvart år. Hovudsakleg eldre folk med svekka immunforsvar, eller kronisk sjuke, fortel han.

Men han seier at dette ikkje er tilfelle med det nye viruset.

– Noko pussig med svineinfluensen er at det er først og fremst dei yngste som blir sjuke. Det kan vere fordi dei som har levd lengst har utvikla eit forsvar mot sjukdommen fordi dei har hatt noko liknande tidlegare, seier Roksund.

Nedprioritering

Håvard Stensvand, fylkesberedskapssjef, seier fylket held seg til den nasjonale prognosen for kor stor del av befolkninga som vil bli smitta – 30%.

Men han påpeikar at det talet ikkje seier noko om kor sjuke folk vil bli.

– Vi står ovanfor to utfordringar i fylket. Vi må behandle dei sjuke og hindre smittespreiing, og vi må takle den mangelen på arbeidskraft som truleg vil kome om mange vert sengeliggande, seier han.

Stensvand fortel at om det vert veldig mange sjuke vil det bli ei stor utfordring for kommunar, etatar og næringsliv.

– Vi må sjå på moglegheiter for omdisponering av folk, reserveløysingar og ei nedprioritering av mindre viktige funksjonar, seier han.

– Bruk hovudet

Gisle Roksund seier den beste måten å førebu seg til hausten på, er å leve som normalt.

– Bruk hovudet. Ikkje fly til legen med ein gong du merkar nokre influensasymptom. Ta det med ro i nokre dagar, og det vil truleg gå over. Forhold deg til det som ein vanleg sesonginfluensa, seier han.

Men han understrekar at om ein kjenner seg alvorleg sjuk må ein gå til legen.